Dokumentarfilm, første del

g
I eit forsøk på å bruke vinterferien til noko fornuftig, har eg sett ein god bunke med dokumentarfilmar. Her er mi vurdering av filmane:

Thomas Pynchon: A journey into the mind of p, 6.5
Pynchon-entusiastar prøver å seie noko om ein mann som har klart å halde seg i skjul heile sitt vaksne liv. Thomas Pynchon er kanskje den største amerikanske forfattaren etter krigen, med klassiske bøker som V. , Katalog 49 og Mason & Dixon, men ingen veit korleis han ser ut, då han aldri gjev intervju eller let seg fotografere. Filmen freistar å gjenskape ein paranoia vi finn i bøkene til Pynchon, med eit David Lynch-aktig lydspor og dyrking av ymse konspirasjonsteoriar. Ein film kun for spesielt interesserte.
Tyskland/Sveits 2001, 96 min.

Control room, 6.9
Control room tek for seg mediedekninga av Irak-krigen, og freistar å problematisere idèen om såkalla frie media. Vi følgjer i all hovudsak den arabiske tv-kanalen Al Jazeera, frå dagane før invasjonen og fram til amerikanske tanksar rullar inn i Bagdad. Det er interessant å sjå Al Jazeera frå innsida, men filmen er noko rotete og ufokusert. Filmskaparane let amerikanske media og militære komme til orde undervegs - utan at det gjer filmen heilt balansert.
USA 2004, 84 min.

The yes men, 7.2

I ein humoristisk dokumentar som verkar å vere inspirert av både Michael Moore og Jackass, forsøker Mike Bonnano og Andy Bichelbaum å setje lys på nokre av dei negative følgjene av globalisering. Det heile byrjar med at dei lagar ei etterlikning av WTO si heimeside. Etter kvart blir dei inviterte til konferansar rundt om i verda for å halde føredrag - som representantar for WTO. Filmen tilbyr svært lite innsikt om globalisering og verdshandel, men som komedie fungerar han bra.
USA 2003, 80 min.

Crude awakening: The oil crash, 7.6
Grundig og solid produksjon om framtidsutsiktene til ei verd med stadig minkande oljeressursar. Filmen syner korleis olja har prega verda historisk, og korleis han påverkar politkken i dag. Ekspertar frå mange land underbyggjer påstanden om at produksjonen av olje kan nærme seg sitt toppunkt, og at vi går ein fundamentalt ny situasjon i møte. Ingen av ekspertane ser ut til å tru at alternative energikjelder kan hidre ein økonomisk kollaps.
USA 2006, 84 min.

No end in sight, 7.7
Om alt som gjekk gale i tida etter invasjonen i Iraq. Grundig og vellaga film der mange av aktørane som stod midt oppe i det får komme til orde - mellom anna militærtoppar, reportarar, soldatar og medlemmer av Bush-administrasjonen. Sentralt er mangelen på troppar - og vilje til å stoppe plyndringa av Bagdad, utestenginga av Bath-medlemmar og oppløysinga av den irakiske hæren.
USA 2007, 102 min.

The ghosts of Citè Soleil, 7.7

Citè Soleil er ein favela i utkanten av Port-au-Prince, hovudstaden på Haiti. Området er det fattigaste på den vestlege halvkule, og av FN rekna som den farlegaste staden på jorda. Medan president Aristide kjempar ein desperat kamp for å halde på makta i Haiti, slost fem gjengleiarar om makt i Citè Soleil. I filmen kjem vi tett inn på to av gjengleiarane, brørne 2Pac og Bily. Kvardagen deira er prega av vald, og døden heng som ein skugge over dei heile tida. Filmen kan av og til minne om både City of God og Sopranos, men dette er the real thing.
Danmark / USA 2006, 85 min.

Jesus camp, 7.9
Om evangelisk kristendom i USA. Jesus camp er ein kvalmande film om nokre 9 –12 år gamle born i Missouri som blir sendt på bibelcamp. Der blir dei skremt til å angre sine syndar, og får opplæring i å bli soldatar for Gud. Seinare dreg dei til Washington for å demonstrere mot abort. Mora til tolvåringen Levi har tatt han ut av skulen, og underviser han sjølv heime. I ei minneverdig scene sit Levi fordjupa i ei bok, når mora seier: Did you get to the part yet where they say that science hasn't proven anything? Filmen tek seinare for seg evangelisk kristendom som voksande fenomen i Amerika, og dei mogelege politiske motiva til desse folka. Det er veldig vondt å sjå på små, sjarmerande born som blir hjernevaska.
USA 2006, 84 min.

Air guitar nation, 8.0
Som med The King of Kong, handlar Air guitar nation om vaksne folk som brukar mykje tid på tilsynelatande meiningslause ting. Det første kvarteret av filmen er det litt vanskeleg å ta han heilt alvorleg, med ulike personar som skildrar det vakre i det å spele luftgitar, og diverse typar som hoppar opp og ned på ei scene utan gitar i hendene. Men etter kvart er det gløymt, og ein sit klistra og heiar på sin favoritt-luftgitarspelar. Vi følgjer amerikanarane i sitt første nasjonale meisterskap, og deretter i verdsmesterskapet i Finland. Sjarmerande og svært fornøyeleg film.
USA 2006, 81 min.

The King of Kong, 8.5
Denne filmen handlar om dei to beste Donkey Kong-spelarane i verda. Det verkar som ein sprø ide for ein film, men resultatet er heilt glimrande. Billy Mitchell har ein tjue år gamal rekord på 874,300 poeng - som speleentusiastane lenge trudde var uslåeleg, og han har lenge levd som ein legende i miljøet. Men i 2003 går den 35 år gamle familefaren Steve Wiebe inn for å slå rekorden. No følgjer ein desperat kamp rundt om i statane, med sabotasje og svertekampanjar, og alt som høyrer med. Filmen teiknar eit rørande bilete av Wiebe som ein sympatisk kar som aldri når opp til eigne ambisjonar, og som difor kjenner seg mislukka, medan Billy Mitchell framstår som ein drittsekk. Til sjuande og sist handlar filmen om kor viktig det er for amerikanarar (og andre) å framstå som vellukka.
USA 2007, 79 min.

Crossing the line, 9.0
I 1962 gjekk den tjue år gamle amerikanske soldaten James Dresnok over grensa frå Sør-Korea til Nord-Korea. I Crossing the line, 44 år seinare, fortel han om livet sitt både før og etter han gjekk over til erkefienden. Sjølv om han var ein enkel gut utan utdanning, skulle han etter kvart få ei viktig rolle i sitt nye heimland. Flott portrett av ein mann frå barneår til alderdom, og svært interessant innsyn inn eit lukka land. Eit problem med filmen er at Dresnok sin entusiasme over regimet i Nord-Korea får stå uimotsagt.
Storbritannia 2006, 94 min.

4 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 19. februar, 2008 at 22:56 | Permalink

    Imponerande! Har spesielt lyst å sjå The King of Kong!

    Trur berre eg har sett ein av desse filmane; the yes men. Den likte eg svært godt, og når den berre kom på tredje siste plass i di rangering er det berre å konstantere at du har gjort mykje rett som har valgt eit yrke med årleg vinterferie.

    Det er i det heile svært mange filmar ein skulle sett. For tida ser eg Sopranos med all glede og tidskonsum det innebærer. Men på søndag kom eg meg omsider på kino og fekk sett Mannen som elsket Yngve. Kan absolutt anbefalast!

  2. snorreb
    Posted 19. februar, 2008 at 23:20 | Permalink

    Takk for tipsa! No veit eg på tiendedelen kva filmar eg skal sjå:)Eg har ikkje sett dokumentarar på lenge, men merkar eg fekk lyst å sjå mange av desse. gleder meg til del 2. Berre pass på at auga dine ikkje blir firkanta bård!

  3. Posted 20. februar, 2008 at 00:41 | Permalink

    Skal passe meg for det. Må inrømme at det ikkje er spøk å sjå så mange sterke dokumentarar etter kvarandre. Hovudinntrykket eg sit att med etter å ha sett desse ti filmane er jo at verda har gått fullstendig av skaftet.

    Forresten, veldig hyggeleg om de kjem med tilbakemeldingar om de ser nokre av filmane.

  4. Posted 20. februar, 2008 at 01:31 | Permalink

    Sjå i høgre marg:
    http://www.sonitus.org/

    BloggIdol 2008.

    Vi er ein av 576 saman med m.a. Halvor Elvik, Eirik Newt, Kari jaquesson (!), Knut Jørgen Røed Ødegaard og Torbjørn Røe Isaksen, pluss mange andre galningar rundt omkring i landet.

    Kanskje vi kan bli blogg-verda sitt svar på idol-Håkon (Njøten) ?