Månadleg arkiv: mai 2008

Helgelyd veke 19

Vekelåta kjem frå svenske Vapnet og plata Jag vet hur man väntar. Den er ei samling med små pop-perler som passar fint til solskinet og årstida. Her får du Prästgatan, som med sine tydelege Belle & Sebastian - referansar er representativ for stemninga på plata. Ha ei fin helg!

Lyst og Last!

Idag klokka 20:00 begynner kosthaldsserien Lyst og Last på Tv2. Det er programmet eg har vore fotograf for det siste halve året. Serien tar opp ulike aspekt ved det norske kosthaldet, og starter i kveld med å diskutere om vi har ein fedmeepedemi her i landet..

Tambarskjelvar – Anga 4-4

1. mai spelte Tambarskjelvar sitt nyoppstarta A-lag treningskamp mot den gamle kjempen Anga. Resultatet enda 4-4 og Ufjelgs sportsredaksjon gratulerer Tambar-gutane med sin første kamp etter nyoppstartinga utan tap. Referat frå kampen på Tambar.no. Første seriekamp er mot Gaular 2 den 6. mai på Naustdal stadion. Møt opp!

Helgelyd veke 18

Det kan aldri bli for mange flinke syngedamer i sjangeren køntri. Den flinkaste av dei alle no for tida er Diana Jones. Vil ein høyre ein fin song kan ein strengt tatt velge i blinde frå plata My remembrance of you frå 2006, men den aller finaste er nok Pony. Her er det berre å […]