For nokre år sidan skreiv BT ein artikkel om utanlandske svartmetall-band med norske namn. Avisa forsvann diverre så altfor fort, men takka vere Runar (samt nokre ukjende sjeler) er det no mogleg å få presentert desse godbitane for Ufjelgs lesarar.
Det kan diskuterast kor vidt somme av namna er god latin, men underhaldningsverdien er det ingenting å sei på.
- Skog Skrike Blod
- Borgermester Dahl
- Sorg Innkallelse
- Helvete Natten
- Inner Helvete
- Nekro Vinterstrom
- Død Ulv
- Ovskum-Mørke
- Trollmann av ildtoppberg
- Hekseri
- Mordslag
- Fisk Svans
- Morke Helvetes
Stikkprøver tilseier at enkelte av namna er fiktive. Eg har ikkje klart å lokalisere Borgermester Dahl, men det bør på ingen måte herske tvil om at Helvete Natten eksisterer.
Meir på Listær er party!.
2 Kommentarar
Veldig bra! Helvete Natten ser ut som om dei har meir enn norsk gramatikk å jobbe med! Sjølv reknar eg med å støte på god gamal kvalitet når eg skal på konsert med Slayer og Mastodon i kveld. Fram med naglebeltet!
Har du naglebelte?
Og korleis var konserten?