Spotify-triks

Skriv inn følgjande i søkefeltet til Spotify for å sjå kor mange sangar du har tilgang på totalt: year:0-3000.

Sorter så dette på popularitet og sjå kva som er mest populært. Hoho, artig.

Sjå også

4 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 20. mai, 2009 at 20:23 | Permalink

    Imponerande! 3,15 millionar sangar og nesten 300.000 artistar.

    Oppgraderte til premium i forrige mnd, men syntes ikkje eg fekk noko særleg ut av det. Så eg fornya ikkje for ein ny mnd, men det hadde vore spanande å sjå kor mange fleire sangar ein får tilgang til med premium. Så om nokon har premium må dei sjekke og gje melding!

    3,15 mill sangar er forsåvidt såpass mange at tilgang til endå fleire ikkje er eit veldig sterkt argument for å oppgradere til Premium. Det å unngå reklame derimot... Om Spotify køyrer på med endå meir reklame, kjem eg snart til å betale 100 kr mnd for å sleppe. Har inntrykk av at reklamepausane kjem stadig hyppigare, og spesielt om ein har latt Spotify stå på nokre timar i strekk. Andre som har erfart dette?

  2. hvrd
    Posted 20. mai, 2009 at 20:48 | Permalink

    Hm, ja, tenkte på å oppgradere seinast idag. Desse innringarane begynnar å bli plagsomme. Greit nok med Arvid og reggae-mannen som etterlyser lite rytmer, men dei siste dagane føler eg det har blitt i meste laget.

    Av ein eller anna grunn har eg ein mistanke om at ein ikkje får større utval med Premium, men det er vel ein Premium-brukar eller to her som kan komme med førstehands informasjon?

  3. drleiv
    Posted 20. mai, 2009 at 21:40 | Permalink

    Det var iallefall eit par album som eg fekk tilgang til som premiumbrukar, m.a. det nye til Depeche Mode.

  4. hvrd
    Posted 20. mai, 2009 at 22:22 | Permalink

    Ja, stemmer, som premiumbrukar får ein tilgang til nokre album før utgjeving.