I avstemninga over kven som skal redde verda saknar eg Kina som eit alternativ. Spesielt når det gjeld miljøkrisa, trur eg seriøst at Kina er eit bra alternativ. Demokrati er ganske makteslause når det gjeld å innføre effektive tiltak mot global oppvarming, pga kortsiktige mål alltid vil vere for viktige. Eit totalitært regime kan imidlertid ta effektive grep.
-
Siste kommentarar
- jons til Produktiv type
- drleiv til Produktiv type
- hvrd til Ben Folds på Chatroulette?
- hvrd til Kven er dette?
- hvrd til Ben Folds på Chatroulette?
-
Mest populært
-
Småstoff
-
Bakom
5 Kommentarar
Skal fikse det. Sjølv om det nett no var ein fyr på Dagsnytt 18 som sa at det blir starta opp eit nytt kolkraftverk i veka i Kina.
Synest elles at Michael Jackson har fått godt betalt i denne avstemminga.
The Guardian har ein interessant artikkel om Kina si rolle i Købehavn.
Har lita tru på at Kina vil redde verda. Viss ein ser på lista over kven som slepp ut mest CO2 per innbyggar, så ligg USA og Canada på 4 gangeren i forhold til Kina. India ligg på under 1/10 i forhold til USA og Canada.
Tenk deg at du er eit av desse landa. Kva motivasjon har du då for å leggje ein finger i mellom for å redusere dine eigne utslepp viss du ser at dei rike landa gjer ingenting.
Her er litt morsom statistikk for utslepp per innbyggar i utvalde land,
utslepp per innbyggar.
Her er dei sju landa som slepp ut mest CO2.
style="text-align:left;width:2.267cm; " class="ce4">Top 7 countriesPer Capita 2007Metric tons2006 Total CO21000 metric tons2006 % total1China 4,66 103 49321,50%2United States 19,15 752 28920,20%3Russia 11,21 564 6695,50%4India 1,21 510 3515,30%5Japan 9,71 293 4094,60%6Germany 9,7805 0902,80%7United Kingdom 8,6568 5202,00%
Table taggane blei visst ribba, så eg lenkjer inn ei pdf-fil i staden.
Top 7 utsleppsland CO2.
Det er ikkje vanskeleg å argumentere mot at Kina vil redde verden. Mitt utspel er nok meir ett uttrykk over at eg ikkje har særleg trua på at demokratiet kan klare det heller. Er eg for pessimistisk?