Finanskrise?

Noko av det eg synes er merkverdig med finanskrisa er kordan visse mantra synes å manifestere seg slik at dei tilslutt verkar være ubestridelege faktum.

1. Krise! fall i boligpriser.
Både media og politikarane synes samd i at eit kraftig fall i boligprisane er uheldig. Kvifor er det det? At boligprisane var så høge i utgangspunktet er vel den eigentlege krisa? Ein 1 roms (20kvm) leilighet i Oslo kosta i 2007 ofte oppmot 1.3 mill kr! Kvifor skulle det være bra at folk sett seg i så stor gjeld? Kvifor var det ikkje krisemøte når boligprisane på det meste steig 15-20 % i året? Dette var vel større krise sia det stort sett råka unge førstegangskjøparar som aldri kom seg inn i marknaden.

2. Renta må ned!
Argument: Vi må få samfunnshjula og forbruk igang igjen.
Lånerenta ligg vel omlag på 6% om dagen. Kvifor er det for høgt? Norges Bank har som mål ein inflasjon på 2.5% pr. år (blir høgre i år). Når renta var på rundt 3% vil ein overhodet ikkje ha effekt av banksparing. Dette skaper såleis større forbruk. Og større lånevekst. Kvifor vil ein det når det var det som i utgangspunktet skapte denne krisa? Kvifor halde høgt forbruk og dermed mange arbeidsplassar kunstig i live? Arumentasjonen er vel at ein vil unngå arbeidsledighet. Men korfor vil ein med alle midlar og utan ein overhengande ideologi unngå at jobber blir borte? Kanskje vi har eindel arbeidsplassar vi rett og slett ikkje treng.. Arbeidsplasser som ikkje tåler ein normalisering av forbruket. For dei menneska det gjeld er det sjølvsagt forferdeleg, men sett fra eit samfunns- og miljøperspektiv er det kanskje nødvendig? Det blir litt som at ein nektar bonden å bruke traktor fordi den stjel arbeidplasser (bortsett fra at sistnevnte eksempel har eit miljøargument i ryggen)

Sikkert mykje eg ikkje kan om makroøkonomi som drep argumenta mine her:) Er berre så lei av debatter av typen boligkrise og rentekrise.. uten at det i heile diskuterast i kva grad dette er ei krise.

Om lønnsvekst og forbruksvekst stabiliserer seg er det knapt ei krise!

Sjå også

2 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 25. november, 2008 at 23:55 | Permalink

    Vel talt! Kor utruleg det høyrest ut, så virkar det faktisk som denne krisa kom som lyn frå klar himmel på dei som styrer landet vårt. Eg er heilt einig i at den vanvittige veksten i forbruk, bustadprisar og lån i fleire år burde fått varsellampene til å blinke. Det var på det tidspunktet tiltak burde bli satt inn, no er det alt for seint. Det virka som dei fleste hadde gløymt at det faktisk ikkje er noko som veks inn i himmelen.

    Til tross for at det vert lansert nye krisepakker omtrent kvar dag, går børsen raskt nedover og arbeidsløysa like raskt oppover. Heldigvis har vi ein finansminister som kjem med gode råd til korleis kvar og ein av oss kan bidra:

    http://www.dn.no/forsiden/politikkSamfunn/article1545952.ece?jgo=c1_re_left_3

    Det er fleire enn meg som har kommentert det absurde i at ein finansminister frå SV kjem med oppfordringa: - Shop så det svir.

    Buffet er av dei som har latt seg inspirere, og eg kan nok ein gong anbefale bloggen Krakk!

    http://boligkrakk.blogspot.com/2008/11/ja-takk-begge-deler.html

  2. baardemannen
    Posted 28. november, 2008 at 17:03 | Permalink

    Det er mykje som er merkverdig med diskursen rundt finanskrisa. Det mest håplause er jo at det dei fleste diskuterer er korleis vi kan få veksten tilbake på samme nivå som før, og kva som skal til for å auke forbruket, medan diskusjonen sjølvsagt burde ha dreia seg om korleis samfunnet kan takle ei framtid med mindre vekst og mindre forbruk. Det er jo nesten så ein håper at det neste krisetiltaket skal bli endå mindre effektivt enn det førre. At forbruksvivået i eit land som Noreg er alt for høgt er jo ikkje vanskeleg å påvise. Politikarane held seg så godt dei kan for øyra og augo og vonar at problema skal forsvinne, men det er i røynda svært lite som tyder på det.

    Eg hørte ein ekspert på fjernsyn nyleg som sa at i Kina reknar ein med at smertegrensa for økonomisk vekst neste år går ved 6 - 7 %. Blir veksten lågare, er det frykt for alvorleg sosial uro i landet. I Kina er det no 15 bilar per 1000 innbyggjarar - det er det same forholdstalet som i USA i 1915. Det er krise det. Vi må forte oss og pumpe opp meir olje!