Forfattararkiv: hvrd

Litt nydeleg country kan vel ikkje skade?

Tellusalie har gitt ut ny plate og deler ut eit par låtar til glede for nye og gamle lyttarar på http://www.myspace.com/tellusalie. Takkskaldeha! Dette er forsyne meg noko av det vakraste på lang tid, og skal du bruke hardt oppsparte grunkar på ei ordentleg cd-plate i sommar må det nok bli denne.

Søtt

Trio Søt spelar Motorpsycho sine låtar på nynorsk på Collets cafe i hovudstaden onsdag 16. august. Det skulle eg gjerne fått med meg...

Nord-Korea i bilete

Ein viss Artemii Lebedev har vore på tur til Nord-Korea og teke ei mengd interessante bilete: http://www.militaryphotos.net/forums/showthread.php?t=82755

Analyse

www.gillianwelch.com har fått ei omfattande ansiktsløfting og ein kan sjølvsagt begynne å lure på kva det skal bety. Eit raskt søk på internett.www kan oppsummerast slik: Pr. 30. mars var Gillian Welch saman med David Rawlings, i studio for å spele inn nytt materiale. Så folkens, det er berre å gle seg til nytt materiale […]

Festivaltips 2 – Her e alle heltane

For dei som har behov for å slå ihjel litt tid i starten av august, kan Askøy (== Øyen) tilby Lost Weekend-festivalen. Forutan dei lokale supersjernorna Muddy Mojo spelar bl. a. Serena Maneesh, Dadafon, Gram Per Person, Dum Dum Boys (aka The Avdancka Trønderrockers) og Hurra Torpedo.

Sjekketriks

Henning Engh (43) er lei av skrivefeil og presenterer bl. a. følgjande djuptgåane analyse: Altfor mange kvinner klusser med bruken av kolon og semikolon. I tillegg er det tydeligvis vanskelig å skille mellom presens og presens partisipp. Klikk på biletet:

Hole in the sky

Vi har passert the number of the beast, og så vidt eg har registrert, er alt ved det gamle. Det kan difor vere på sin plass å minne om at billettane for Hole in the sky-festivalen er lagte ut og programmet er spikra. Dersom du er lei av urban indie-rock, introvert psych-folk eller IDM kan […]

Intervju

Forfattar Rolf Sagen gav følgjande kortfatta intervju til Bergen bibliotek sin nettredaksjon.

Trendar

Eg har lenge interessert meg for trendforsking og vi har no fått eit uvurderleg hjelpemiddel i dette noko tidkrevande arbeidet: Google har nemleg lansert Google Trends. I ei lita analyse kom eg fram til følgjande oppsiktsvekkjande resultat: Rock er meir pop enn pop. Sjå sjølv.

Skål!

No trur eg ting er som før her hjå oss, og ufjelg.org er på trygge, amerikanske hender.