Forfattararkiv: Proletaren

Kvar laurDAG OG til alle TIDer

Dersom du har 895 kroner til overs, så kvifor ikkje nytte dei på den uslåeleg gode vekeavisa Dag og Tid. Er du student kjem ei årstinging på berre 537 kroner. Differansen kan til dømes nyttast til ei flaske 20 år gamal Madeira frå Barbeito (#46060 Barbeito Malvasia Special Reserva 20 years old), som du kan […]

The time is space and vica versa

No i desse lagnadstunge tider med stadig aukande overvaking og oppsprett av nye web-cams over alt er det heilt klart på sin plass å lese dystopien/novella Tidsscanneren av Jostein Gaarder. Den finst i den skjønnlitterære debuten hans Diagnosen og andre noveller, standing in a shelf in a library near you!

Nett-tips

For dei av dykk som ligg under for den søte kløe, så kan eg fortelje at Roy Hersh, som har hatt gåande eit newsletter for portvin, no har fått opp ei ny og oppgradert side for si interesse som er portvin og madeira. For the love of port er nok av dei betre sidene om […]

Masfjordhelg

Kona og eg reiste førre helg ein tur til Masfjorden, der me har eit feriehus. Sju andre ungdomar var så heldige å få vere med. Det vart bading, fisking, soling og lesing. På sundagen vart det endåtil ein tur til fjells. Veret var med oss og me fekk nok fisk til suppa på laurdagskvelden. Eg […]

Thing to do in Åsane before you die

Det hadde seg slik at eg for ei tid tilbake var ein tur i Åsane. Det er sjeldan eg reiser dit av eigen hug, men når eg no fyrst var der så tenkte eg at eg måtte stikke innom Baunen, ein delikatessebutikk som ligg i Arken. Der har dei nokre heimelaga skinker som det har […]

Ein av dei hundre beste

Ser i ein kommentar av Nøste Kendzior i Dag og Tid frå 09.07.05 at ein del norske professorar meiner at Vi morer oss til døde er ein av dei hundre viktigaste sakprosabøkene i vår tid. Boka er no tjue år gamal og ho kom på norsk i 1987. Forfattar Neil Postman kritiserer fjernsynet for fragmentering […]

Jam

Som det ofte er på onsdagskveldar, er det også i kveld jam på Kamelon. Vertar i kveld er Mr. Reed y compadres og Leif-en har sagt at det vert songar snekra av dei meritterte karane Neil Young og Towns Van Zandt. Seinare er det då høve til å få jamme litt eller spele favorittsongen sin. […]

Feriepengane 2005

Denne sumaren tok eg litt på forskot, og når no feriepengane vert utbetalt, har eg alt brukt opp det meste av ferien. Eg skal som nokon veit flytte til det høge nord om ein månads tid og det går jo med litt gryn til det. Men no når kontoen var full så var det freistande […]

Førde – Bergen. Reisebrev frå innsida av hovudet.

Etter ei hektisk helg i Førde med bryllaup og vitjing av opphav og svigers på menyen, bar det attende til Bergen. Eg såg ikkje akkurat fram til bussturen, men det ikkje så mange andre alternative måtar å kome seg til Bergen på, så det fekk stå til. Fekk heldigvis sove nesten heile vegen til Lavik, […]

Waglen helsar

Eg vart beden om å skrive ned nokre ord i høve at Doktor Munk forum no har skifta litt på layout-en, som det heiter inni Oslo. Det er både med glede og ikkje så lite tvisyn eg tek imot dette oppdraget. I desse dagar då vi gjerne ser litt attende, etter 100 år i fridom […]