Som det ofte er på onsdagskveldar, er det også i kveld jam på Kamelon. Vertar i kveld er Mr. Reed y compadres og Leif-en har sagt at det vert songar snekra av dei meritterte karane Neil Young og Towns Van Zandt. Seinare er det då høve til å få jamme litt eller spele favorittsongen sin. […]
Den årvisse Rock bortom Nåva vart igår arrangert på Klopstad, mellom Naustdal og Førde og altså i skjæringspunktet mellom bygd og by. Sjølve festivalområdet ligg idyllisk til med utsikt utover Førdefjorden og med himmelen som tak. Scena var bygd opp på ei låvebru, og publikum kunne gle seg over ei mengde fasilitetar som stolar, bord, […]
25. juni er det igjen klart for Rock bortom nova. Programmet er ikkje klart endå men dersom alt går som planlagt, vert det svært bra. Vi kjem attende med nærare informasjon straks programmet er offentleggjort. Arrangementet går føre seg på Klopstad mellom Naustdal og Førde.
Den kjende syngedama Lucinda Williams skal halde konsert i Glasgow 27.juli i år, og det finst framleis ledige billettar her. Eg er uansett i Storbritania på den tida, og det er godt mogeleg at eg er i nettop Glasgow. Dersom du tilfeldigvis har lyst til å vere med på denne konserten, hadde det vore heilt […]