Kategoriarkiv: Informasjon

Informasjon frå Sentralkomiteen.

Frisk

Etter eit kort sjukeleie er Doktor Munk frisk igjen. Vonar ingen har vorte smitta og at aktiviteten her kan nå nye høgder.

Visualisering er den nye gramatikken

Trendforskar Paal Fure har nyleg presentert dei ti viktigaste trendane i Skandinavia i åra framover. Dette er spennande lesestoff for oss proaktive og hyperdynamiske. Analysene til Fure virkar så presise at eg mistenker han for å gå i tospann med sjølvaste Henning Hai Lee Yang. Dagens Næringsliv oppsummerer.

Portvin og kva den kan brukast til

Det vert sagt at raudvin er for gutar, medan portvin er for menn. I denne artikkelen hoppar vi galant over å disktuere d�t, men prøver istaden å gje ei kort innføring i kva portvin er og korleis ein kan få mest mogleg glede ut av ei flaske, og forhåpentlegvis fleire. Artikkelen er mynta på deg […]

Platetips

For dei som er så heldige å ha ein platespelar tilgjengeleg, kan dei tre sjutommarane (som er same format som ein single) frå rockarane i Ungdomskulen anbefalast på det sterkaste. Platene kan bl.a. kjøpast hjå Apollon i Bergen og på nettstaden med snedige namnet Shitfuckyou. Prisen er kr 50 pr stk. Pålitelege rykte kan fortelje […]

Spam

Eg har installert ein liten sak som skal gjere handteringa av kommentar-spam litt enklare (for meg). Skulle det skje at kommentaren din ikkje viser, send ein mail til drmunk @ dette domenet og eg skal fikse det så snart som råd.

Kvar laurDAG OG til alle TIDer

Dersom du har 895 kroner til overs, så kvifor ikkje nytte dei på den uslåeleg gode vekeavisa Dag og Tid. Er du student kjem ei årstinging på berre 537 kroner. Differansen kan til dømes nyttast til ei flaske 20 år gamal Madeira frå Barbeito (#46060 Barbeito Malvasia Special Reserva 20 years old), som du kan […]

Nett-tips

For dei av dykk som ligg under for den søte kløe, så kan eg fortelje at Roy Hersh, som har hatt gåande eit newsletter for portvin, no har fått opp ei ny og oppgradert side for si interesse som er portvin og madeira. For the love of port er nok av dei betre sidene om […]

Om Doktor Munk

Litt informasjon er på sin plass, om enn noko kortfatta.

Brukarrettleiing

Sidan vi har skifta til nytt publiseringssystem på Doktor Munk, har vi laga ei lita rettleiing som kanskje kan vere med på å gjere det lettare å skrive nye innlegg og kommentarar. Kom gjerne med kommentarar til rettleiinga, feks. manglar og uklare ting.