Kategoriarkiv: IT og samfunn

Ben Folds på Chatroulette?

[Oppdatering:]Filmen går visst ikkje å embedde lenger, men den kan sjåast på YouTube. Det vert spekulert i om det er Ben Folds som står bak følgjande meisterverk. Eg veit ikkje, men det er den beste Internetthumoren eg har sett på lange tider. Iallfall på fleire timar. Via nrkbeta.no.

Sverige går i seg sjølv. Med humor og artig kameraføring.

Eg fekk ein link frå svigerinna mi i dag. Eit program på SVT som heiter Landet Brunsås. Moro og lærerikt om Sverige, mat og kultur. Tre heilt ålreite ting altså. Få det med deg! Programma vert også lagt ut på nett-TV hjå SVT. Fyrste program ligg her, andre går på TV i kveld.

Company music

Vi har tidlegare hatt stor glede av hiten Aibel Song ("Der e du - her e me"), og etter nærmare research ser eg konturane av, for meg, ein hittil ukjend musikksjanger: Company music.

Spotify

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon. […]

The year on Ufjelg

Avisa Verdens gang presenterte i dag lister over dei mest populære søka på internett i år. Ikkje så mange overraskingar og ikkje særs interessant. Her er ei liste over dei mest populære sakene på Ufjelg i 2008. Finans er naturleg nok hot, og merkeleg nok klamrar Tiller seg til toppen: (tala i parantes viser kor […]

Tambarskjelvar – Anga 4-4

1. mai spelte Tambarskjelvar sitt nyoppstarta A-lag treningskamp mot den gamle kjempen Anga. Resultatet enda 4-4 og Ufjelgs sportsredaksjon gratulerer Tambar-gutane med sin første kamp etter nyoppstartinga utan tap. Referat frå kampen på Tambar.no. Første seriekamp er mot Gaular 2 den 6. mai på Naustdal stadion. Møt opp!

Drøy kost

Ingeniørfirmaet Aibel har laga ein låt. Kva målet med den er, er ikkje lett å forstå, men stikkord kan vere synergieffektar, kravspesifikasjon, kundefokus og kjernekompetanse. Det er så pinleg at det er vanskeleg å sitte i ro på stolen. Larry David kunne ikkje gjort det betre. Statsoljeselskapet har sjølvsagt mykje meir pengar og har tatt […]

Lausriv! Lausriv! Trur eg..

Litt seint, men greit nok. I avisa BA i Bergen er det no ein debatt om sentralmakta i Oslo versus Bergen/Hordaland/Vestlandet. Folk vestpå er lei av at vanstyre frå austlendingar skal gå ut over oss her vest. Det er kome fram at Vestlandet skaper 70% av verdiane, men får att 28% i overføringar. Frank Aarerot […]

Ice cool

Evig solskin i eit sjukdomfritt sinn

I dag fekk me nyhenda om at det no har vore eit gjennombrot i stamcelleforsking. Forskarar i USA og Japan har klart å lage stamceller av hudceller, slik at ein ikkje treng nytte befrukta egg. Dette er jo vel og bra, men i nyhendeinnslaget som eg høyrde i radioen og seinare på Dagsrevyen klokka 19 […]