Kategoriarkiv: Musikk

KISS

Har alltid tenkt at eg var akkurat litt for ung til å få med meg dette musikalske fenomenet på 80-talet. Derfor artig å få titta litt på kva dette var for noko. I will never go to school Litt meir prog enn eg hadde trudd..

Bisexual

Ungdomskulen si andre plate heiter Bisexual og vert gjeve ut ein av dei nærmaste dagane. Om du er utolmodig, eller slutta å kjøpe plater, kan du høyre heile driten på Myspace. Noko seier meg at den også er å få kjøpt på iTunes.

Go-go

Alexander Rybaks låt Fairytales gjekk til topps i gårsdagens finale i vår nasjonale Melodi Grand Prix. Ein utruleg catchy låt framført av ein sjarmerande artist. Det er likevel eit lite stykke fram før han tar att Kjersti Bergesen.

I rotasjon

På platespelaren for tida er siste plata til Morrissey, Years of refusal. Den er strålande, og mykje betre enn førre forsøk frå den kanten. Det lovar bra for Oslo-besøket i vår. The crying light med Antony and the Johnsons får og mykje speletid. Var i utgangspunktet skeptisk til om Antony kunne følgje opp suksessen med […]

Spotify

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon. […]

Tragedie

No ser det ut til at vi endeleg er kvitt Madrugada. Takk og lov. Gleda vart diverre kortvarig. Det viser seg nemleg at The September When har gjenoppstått. Kva blir det neste?

Dobbeldans og pop

Det var ikkje fritt for at eg fekk ein smule hakeslepp då eg las omtalen av debutplata til bandet KaRL BaRX, A Produkt of Imagination:

Skog Skrike Blod

For nokre år sidan skreiv BT ein artikkel om utanlandske svartmetall-band med norske namn. Avisa forsvann diverre så altfor fort, men takka vere Runar (samt nokre ukjende sjeler) er det no mogleg å få presentert desse godbitane for Ufjelgs lesarar. Det kan diskuterast kor vidt somme av namna er god latin, men underhaldningsverdien er det […]

Ein moderne klassikar

Her følgjer eit intervju det tyske metall-magasinet Rock Hard gjorde med norges desidert mest humoristiske metall-mann Gylve Fenris Nagell (tidl. Leif Nagell) aka Fenriz. Ein slager. Take me to your Fenriz har meir småstoff.

Vidgjeten, blå regnfrakk

Det ballar på seg. Vart tipsa om Marissa Nadler av Hvrd for nokre veker sidan, og oppdaga denne coveren av ein av min favorittsongar på den siste plata hennar. I kveld var musikkvideoen plutseleg på Pitchfork. Nydeleg stemme og strålande versjon av ein strålande song. Marissa Nadler - Famous Blue Raincoat from Greg Eggebeen on […]