Tellusalie har gitt ut ny plate og deler ut eit par låtar til glede for nye og gamle lyttarar på http://www.myspace.com/tellusalie. Takkskaldeha! Dette er forsyne meg noko av det vakraste på lang tid, og skal du bruke hardt oppsparte grunkar på ei ordentleg cd-plate i sommar må det nok bli denne.
Trio Søt spelar Motorpsycho sine låtar på nynorsk på Collets cafe i hovudstaden onsdag 16. august. Det skulle eg gjerne fått med meg...
Pink Floyd sin frontfigur og låtskrivar fram til 1968, Syd Barrett døydde fredag i heimen sin. Han vart 60 år gamal.
Som de forhåpentlegvis har lagt merke til har vi klart å halde Doktern rimeleg fri for kommersielle innslag. Denne gongen må vi nok gjere eit unntak. Lost Weekend-festivalen har laga ein annonse for festivalen sin og den ser slik ut:
www.gillianwelch.com har fått ei omfattande ansiktsløfting og ein kan sjølvsagt begynne å lure på kva det skal bety. Eit raskt søk på internett.www kan oppsummerast slik: Pr. 30. mars var Gillian Welch saman med David Rawlings, i studio for å spele inn nytt materiale. Så folkens, det er berre å gle seg til nytt materiale […]
For dei som har behov for å slå ihjel litt tid i starten av august, kan Askøy (== Øyen) tilby Lost Weekend-festivalen. Forutan dei lokale supersjernorna Muddy Mojo spelar bl. a. Serena Maneesh, Dadafon, Gram Per Person, Dum Dum Boys (aka The Avdancka Trønderrockers) og Hurra Torpedo.
Vi har passert the number of the beast, og så vidt eg har registrert, er alt ved det gamle. Det kan difor vere på sin plass å minne om at billettane for Hole in the sky-festivalen er lagte ut og programmet er spikra. Dersom du er lei av urban indie-rock, introvert psych-folk eller IDM kan […]
Eg plukka fram ei plate med 70-tals psykideliarock og her er money i ny språkdrakt: pengar pengar, hu hei få deg jobb med bra løn og du er okei pengar gi gass ta til deg det du kan og putt dei i di madrass ny bil, god stil, lykke med opsjon eg trur eg kjøper […]
Built to spill kjem ut med nytt album fem år etter Ancient Melodies of the Future ! You in reverse kjem offisielt ut tysdag, men allereie no er det mogeleg å få høyrt det. Eg er spent.
Den ekstraordinære historia om Johnny Cash sitt liv og virke finst ikkje berre i spelefilmformat, men og i dokumentaren Johnny Cash - the last great american, som er produsert av BBC. Denne har eg kost meg med i dag. Medan Walk the line kun skrapar i overflata, kjem ein langt nærare innpå "the man in […]