Eit herleg stykke humor frå Richard Dawkins si nettside. Eg siterer: there are many phenomena that cannot be explained by secular gravity alone, including such mysteries as how angels fly, how Jesus ascended into Heaven, and how Satan fell when cast out of Paradise
Med såpass slagkraftige fans kan det vel ikkje gå så galt i år:)
Som den oppvakte lesar allereie har fått med seg, har Lost Weekend-gjengen på Askøy stadfesta at Flaming Lips spelar til dans i byrjinga av august. Dei fleste festivalane er godt i gang med bookinga og det er spennande å følgje med.
Oppfordringa gjeld spesielt dei av Doktor Munk sine lesarar som bur i det nordlegaste fylket i landet. Om ein føler seg trygg veit rovdyra å utnytte det. Vonaleg kan følgjande artikkel vere med på å generere litt angst.
Ifølge avisa bt.no skal The Flaming Lips spele på årets Lost Weekend-festival. Det er noko å skrive heim om.
Medan andre skyter opp raketter og drikk champagne sit eg på sjukehuset og ventar på dei som blir truffe av rakettane og/eller drikk for mykje champagne. Til no har det ikkje kome nokre av dei sistnemnde, så eg har god tid til å lese dei første overskriftene i nettavisene i det nye året. Og Firda […]
30. desember, 2006 – 14:03
Eit uavhenging panel av anonyme og svært høgtståande medlemmer av sentralkomiteen, har bestemt kva for plater som var dei beste i 2006. Her er lista:
11. desember, 2006 – 23:24
Om ein tek oppgåva si alvorleg når ein les avisa Firda, kan ein komme ut for mykje rart. I dag fann eg ikkje mindre enn tre saker om folk som har sovna på ymse vegar i Sunnfjord. 1. I tretida natt til søndag fekk politiet melding om at ein mann låg og sov midt på […]
10. desember, 2006 – 15:10
Bob Dylan kjem til Oslo fredag 30 mars neste år. Eg satsar på å vere der eg og.