Kategoriarkiv: Ymse

Festivaltips 2 – Her e alle heltane

For dei som har behov for å slå ihjel litt tid i starten av august, kan Askøy (== Øyen) tilby Lost Weekend-festivalen. Forutan dei lokale supersjernorna Muddy Mojo spelar bl. a. Serena Maneesh, Dadafon, Gram Per Person, Dum Dum Boys (aka The Avdancka Trønderrockers) og Hurra Torpedo.

Sjekketriks

Henning Engh (43) er lei av skrivefeil og presenterer bl. a. følgjande djuptgåane analyse: Altfor mange kvinner klusser med bruken av kolon og semikolon. I tillegg er det tydeligvis vanskelig å skille mellom presens og presens partisipp. Klikk på biletet:

Agurknytt med pølse

I Verdens Gang kan ein lese følgande i dag: En tysk mann er pågrepet mistenkt for å ha drept en kvinne med en pølse. Påtalemyndigheten opplyser at 50-åringen ble arrestert etter at liket av kvinnen ble funnet i en leilighet i Zwickau øst i Tyskland. Ifølge politiet var kvinnen blitt kvalt med en Bockwurst, en […]

To strekar under svaret eller sterk i rekninga

Mattekunnskapane hjå dagens elevar er som kjent ikkje heilt fantastiske. Så for dei fleste hadde det nok ingenting å seie frå eller til at det var ein faktisk feil i oppgåva som var gitt til eksamen 1. klasse på gymnaset iår. Men uansett er det ganske utruleg at eksamensoppgåver ikkje blir sjekka betre for feil. […]

VM-tips 2006

Eit bilete som seier meir enn tusen ord No er det kun få dagar igjen til det brakar laus, og eg vil oppmode sterkt om å delta i årets tippe-konkurranse. VM blir (om mogeleg) endå meir spanande og interessant om du sjølv er med og kjempar om heider og ære. Klikk deg inn på http://ufjelg.org/vm […]

Sagan om de bannlysta!

http://media.putfile.com/Sagan-om-de-bannlysta

Intervju

Forfattar Rolf Sagen gav følgjande kortfatta intervju til Bergen bibliotek sin nettredaksjon.

Boknatt

Den 24. juni er det klart for den årlege boknatta i Fjærland. Dette er eit særs triveleg arrangement, som eg gladeleg tilrår. Denne gongen er sjansane for å gjere eit realt bok-kupp ekstra store, for Baardemann har sagt seg viljug til å selje store delar av den svært så innhaldsrike boksamlinga si.

Trendar

Eg har lenge interessert meg for trendforsking og vi har no fått eit uvurderleg hjelpemiddel i dette noko tidkrevande arbeidet: Google har nemleg lansert Google Trends. I ei lita analyse kom eg fram til følgjande oppsiktsvekkjande resultat: Rock er meir pop enn pop. Sjå sjølv.

Dagens disclaimer

Det er mykje ansvarsfråskriving for tida, og dette er nok mest utbreidd i USA. Men ein dag eg var på arbeid på bakeriet og skulle opne ein sekk sukker frå Danisco fann eg denne beskjeden bak på sekken: Produsert i Sverige eller Danmark. Dersom nokon skulle klage er det altså berre å skulde på nabolandet. […]