Etter merkeleg lang tid er endeleg heile Twin Peaks klar på DVD, i ein boks med ti plater og tredve episodar. Den fullstendig nyskapande serien frå frå 1990-91 er genial på sitt beste, men tar dessverre av i alt for mange retningar etter kvart. Den burde nok ha vore komprimert til halv storleik. Uansett er dette ei strålande julegåve for alle som hugsar denne serien med glede.
I dag fekk me nyhenda om at det no har vore eit gjennombrot i stamcelleforsking. Forskarar i USA og Japan har klart å lage stamceller av hudceller, slik at ein ikkje treng nytte befrukta egg. Dette er jo vel og bra, men i nyhendeinnslaget som eg høyrde i radioen og seinare på Dagsrevyen klokka 19 vart det sagt at målet i framtida er eit liv utan sjukdom og evig liv. Er dette ein del av Den Norske Lægeforening sin uttalte visjon/filosofi? Eller er det ei utsegn frå NRK for å sexe opp innslaget? Dersom det fyrstnemde er riktig vonar eg at det vil kome ein debatt om etikken til Lægeforeningen. At ei yrkesgruppe som lever av å hjelpe/reparere sjuke kroppar/menneske sitt mål er å utrydde all sjukdom og dermed sitt levebrød er jo heilt idiotisk. Tenk om kokkar skulle forske på eit middel for gjer at folk ikkje trengde å ete? Er det bra å fjerne all sjukdom? Er det mogleg? Kva med psykiske sjukdomar. Kva samfunn vert det? Evig liv til alle mann? I desse klimatider må slike påstander vere reine drepen for miljøet. Evig liv? Kvar då? På Mars?
Eg vel å tru at denne påstanden kjem frå NRK, og vonar at dei i framtida kuttar ut denne typen tabloide fjolleutsegn. Er det nokon lesarar frå helsevesenet som vil stille seg bak dette?
Styret i Språkrådet vedtok 13. september å setja i gong med ei normering av nynorsken. No skal det strammast inn, ikkje lenger haugevis med alternativ og klammeformer. Så om du er nynorsking, medviten eller ei, aktiv eller passiv, brukar av dette språket som har meir valformer enn dei har lösgodis i Töcksfors, så må du skunde deg. No skal det verte stramt og enkelt, slik at det vert mog(e)leg/[muleg] for stakkars Austlendingar å få ein firar på sidemålsstilen sin. Det kan sjølvsagt ha/hev vore/vori andre meir høgverdige motiv som låg bak vedtaket. Men ein tenkjer no sitt..
Kulturdepartementet har visstnok no kome med ei oppmoding om å venta litt med normeringsarbeidet.. Jau, dette vert det nok kamp om.
Vel møtt til den andre popquizen her på Ufjelg.org. Denne gongen er det i all hovudsak introar som skal dechiffrerast, og det er såleis lite hjelp å hente på den store informasjonsmotorvegen. Dersom nokon finn ein raud tråd i oppgåvene er det fullstendig utilsikta.
Oppgåvene 1-15 er introar og spørsmålet er enkelt: Kven spelar og kva heiter musikkstykket? Den siste oppgåva er ein coverlåt og vi lurer på kven som framførte originalen og tittelen på den. Eitt poeng per riktig svar, tilsaman 32. Les meir »
Av hvrd|Publisert i Popquiz|Kommentarar avslått på Popquiz 2
Det er ikkje berre Radiohead som går nye vegar for å gje ut musikken sin. Saul Williams sel siste plata si, The Rise and Fall of Niggy Tardust, via nettet for ein pris som kjøparen sjølv kan velje - også gratis. Som om ikkje dette var nok: Ein kan velje mellom tre kvalitetar 192 kbps, 320 kbps mp3 og FLAC. Sistnemnde er eit høgkvalitetsformat som komprimerer utan tap av kvalitet. Plata er produsert av Trent Reznor (Nine Inch Nails) kan kjøpast på niggytardust.com. New York Entertainment har eit interessant intervju med karane.
Av hvrd|Publisert i Musikk|Kommentarar avslått på The real Niggy
Har de sett den nye videoen til Spice Girls? Ai ai ai. Nittitalets fjortisheltar er attende. Tobarnsmor Victoria og gjengen ålar seg lettkledd rundt i eit mørkt og tungt møblert rom. Ein slags cross-over av drapsåstad frå The Linley Mysteries og ein pornofilm. Det sjukt, men samtidig må eg berre le. Moralen er i fritt fall. Men dei kjem vel unna med dette også. Billettane til "konsert-turnéen" er visst rivne vekk. Undrast på kven kjøparane er? Nye fjortisar eller gamle grisar? Dette appelerer visst til fleire lag.
Sjølv om det førebels berre er 13 som har røysta på spørjeundersøkinga til høgre her på sida, må eg seie at eg finn resultata oppsiktsvekkjande! At fleirtalet ønskjer å surfe på internett i eit liv utan mosjon, musikk eller alkohol? Vel, det vert jo ikkje så mykje mosjon framføre pc-en, men kva skal ein surfe etter, når det ikkje finnst sport, vinsider eller musikk å laste ned? At nokon også tykkjer snus er meir verd enn til dømes musikk, er også ganske interessant. Eg kan vel berre avsluttningsvis slå fast at folk er jækla forskjellige! God helg!