28. oktober, 2007 – 14:53
Det for ein del ufjelglesarar ikkje heilt ukjende bandet Ungdomskulen stakk i går av med RiksAlarmprisen under Alarmpris-utdelinga på Sentrum Scene i Oslo. I prisen inngår turné i Noreg, øvingsfasilitetar før turnéen og showcase på By:Larm i Oslo. Prisen er eit samarbeid mellom Alarmprisen og Rikskonsertane og vinnaren vert plukka ut av ein fagjury.
Eg vil gratulere dei så mykje med prisen, og vonar no at dei kanskje legg Hammerfest inn i turnéplanen. Ungdomskulen er for tida på turné i USA og Storbritania.
26. oktober, 2007 – 20:05
Då er fristen ute og det er tid for oppsummering. Totalt sju deltakarar deltok og poengsummane varierte frå fem poeng til full pott og tolv poeng.
Les meir »
26. oktober, 2007 – 14:00
Gullet er heme og vi har gleda av ønskje velkommen til historias første Ufjelg-popquiz. Vi startar forsiktig og fokusområdet er coverlåtar med litt attåt. Send svaret ditt til popquiz@ dette domenet innan i kveld kl 19. Alle hjelpemiddel er tillatne. Talet på oppnåelege poeng i parantes - 12 totalt. Lukke til!
1. Kva heiter bandet? (1)
2. Bileta under viser to platecover. Kva heiter artisten og kva heiter plata (4)?
(Trivia: Plata til venstre kom først ut)
3. Kven høyrer vi? (1)
4. Kven framfører versjonen vi høyrer og kven framførte originalen? (2)
5. Kven syng og kven har originalen? (2)
6. Kva band framfører og kva band har originalen? (2)
Hint: I 2a skal vi fram til ein kar som vel er mest kjend frå ein legendarisk popkvartett frå 60-talets Californien.
24. oktober, 2007 – 22:28
Det vert quiz fredag. Oppgåvene er klare så ver klar kl 14.00.
21. oktober, 2007 – 17:10
Desse skattelistene har aldri brydd meg noko nemneverdig. Eg har registrert at nok ein gong vel ein del høgt profilerte eller velståande personar å bidra oppsiktsvekkjande lite til felleskapen. Eg har fått med meg at Sigurd Rushfeld har lagt seg opp litt etter nokre år i utlandet. Greit nok. Og så tenkt eg ikkje meir på skattelister og slikt. Ikkje før eg fekk ein epost av min far. Han kunne fortelje at eg tente meir enn han, men at han betalte meir skatt. Min eigen far, der altså. Jasså, så vi er begynt å sjekke skattelistene?! Eg måtte då finne ut kva han tente, skatta og hadde i evt. formue, og så var ballet i gong. For når eg fyrst hadde funne ut kva min far var god for, så kom det jo opp ti på topp i hans årskull og skattekommune. Då måtte eg finne ut korleis eg gjorde det i høvet til jamnaldringar i min noverande skattekommune og i Førde. Gamle klassekameratar vart gravde fram. Slekt, svigerforeldre, naboar og kollegaer måtte sjekkast. Ingen gjekk fri. Til og med ufjelg-bidragsytarar kom under lupa.
Eg hadde ikkje trudd dette om meg sjølv. At eg skulle synke så djupt. Men det er så altfor lett tilgjenge til skattelistene. Dette kan ikkje halde fram. Tenk kva som kan skje om verkeleg sjuke folk byrjar med dette. Nei uff. Eg får seie som Kjetil Brottveit i Dag og Tid; no vert det FRP.
16. oktober, 2007 – 21:53
Grunna uventa omstende må diverre den planlagde quizen avlysast. Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører. Men frykt ikkje, quizen kjem.
På fredag førstkomande kl 14 vert den første online popquizen i Ufjelg-historia arrangert. Regel: Den som får høgst poengsum innan kl 18 same ettermiddag vert kåra som vinnar. Alle tilgjengelege hjelpemiddel er sjølvsagt lov. Dersom dette vert ein suksess, betinga eller ubetinga, vert det fleire quizar utover hausten og premie til samanlagtvinnar. Følg med fredag kl 14.
Årets BIFF-program er på nett og det inneheld mykje som virkar spennande. Nytt av året er at det også vert konsert: Sigur Rós spelar opp i forkant av visninga av dokumentaren Heima som handlar om ein turné Sigur Rós hadde på Island ifjor.
Band og artistar og musikken deira vert stadig sett i ulike kategoriar, men det er ikkje alltid at det er så lett for potensielle kjøparar å bli klok på dei stadig nye båsane. På Gardermoen låg Gøteborgs-Posten der dei melde ein del nye plater i for meg nye musikk-kategoriar. Eg nemner i fleng: indiehiphop, synt-funk, electrosoul, balkandisco, laidback-rock, slow-country og afrosoul.
Det for ein del ufjelglesarar ikkje heilt ukjende bandet Ungdomskulen kjem i den næraste framtid med plata Cry-baby. Ho er allereie meld i eit tysk magasin, og dei putta musikken i båsen highspeed alternative/jazzprog. Nokon betre?
26. september, 2007 – 09:36
Bra svensk musikk er ikkje mangelvare, men Our ill wills - andreplata til Stockholm-kvintetten Shout out louds, er likevel ei svært trivleg overrasking. Dette er strålande pop-handverk i The shins - land, og ei av årets beste plater så langt.
21. september, 2007 – 07:59
Her er gårsdagens nøkkeltal:
- Norge ligger an til å få en netto ekstrainntekt på 25, 8 milliarder kroner fra petroleumsvirksomheten i inneværende år. (BT)
- Etter at New York-børsen løftet seg 2,5 prosent allerede tirsdag, kom turen i går til de japanske og europeiske markedene. Overalt sto jubelen i taket. (BT)
- Den kinesiske bilparken har økt med 30 prosent – det siste året. (Ole Torp, Urix)