Hopalong, hopalong yah!

Førre helg tok eg ein etterlengta tur til Tigerstaden, og jammen snurre var det ikkje konsert med det trønderske ska-bandet Hopalong Knut på Rockefeller på laurdagskvelden! Ai ai ai, for ei lukke! Les meir »

Skjulte perler og gløymde skattar

I platesamlingane dykkar ligg det forhåpentlegvis nokre godbitar og lurer. Låtar eller plater som du meinar andre må få høve til å høyre, helst snarast. I denne tråden håpar eg vi kan få til dette: Har du eit tips til ein godbit - ny/gammal, kjent/ukjent, album/låt, skriv det her. Kan du i tillegg kort (eller langt) gjere greie for kvifor akkurat denne godbiten er verdt å få med seg, er det flott.

Wilco: Sky blue sky

Det siste albumet frå Wilco er ikkje i butikkhyllene før 15. mai, men det finst no på internett, og i mitt medvit som noko av det beste som har vore der på lenge. Det eit variert album med både enkle country-arrangement, røffe rockelåtar og lange gitarsoloar - alltid med Tweedy sin herleg tilbakelente og nosjalante vokal som prikken over i-en. Dette er ein gavepakke både til gamle Wilco-fans og til andre musikkinteresserte.

Den ufjelge sanninga

Inspirert av Oscar-showet som gjekk på fjernsyn forleden, såg eg i kveld Al Gore-filmen: An inconvenient truth. Den handlar om framtida til denne planeten. Veldig bra film!

Fantastiske mogelegheiter med nettmusikkbutikkar

Eg har lenge tenk å handle meir av musikken min på nettet. Eg likar eigentleg ikkje å laste ned "piratkopiert" musikk, men sidan det er vanskeleg å finne god musikk som er lovleg å laste ned utan idiotiske kopisperrer, så har det blitt musikk på den måten også. Les meir »

Førarkort

Eg har førarkort

Populærmusikalske blinkskot

Del populærmusikalske blinkskot og favorittar her! No!
Les meir »

På hjemmefronten

Har fått den gode gamle spysjuka, og opplever no korleis det fungerar med den myteomspunne "eigenmeldinga". Konklusjonen er ikkje heilt klar endå, men eg har i det minste god tid til å surfe på nettet. Mellom anna kom eg over denne  interessante debatten om bustadprisar. Det er godt å registrere at det er fleire enn meg sjølv som ser for seg at det snart kjem eit krakk. Sjølv om debattant KarlDenAnnen kanskje ikkje gjev inntrykk av å vere den skarpaste analytikaren eg har sett...

I gamle dagar

Kva med ein liten revy? Doktor Munk er registrert hjå archive.org og det er mogleg å reise tilbake i tid. Prøv desse linkane:

Intelligent gravity

Eit herleg stykke humor frå Richard Dawkins si nettside. Eg siterer:

there are many phenomena that cannot be explained by secular gravity alone, including such mysteries as how angels fly, how Jesus ascended into Heaven, and how Satan fell when cast out of Paradise