Fantastiske mogelegheiter med nettmusikkbutikkar

Eg har lenge tenk å handle meir av musikken min på nettet. Eg likar eigentleg ikkje å laste ned "piratkopiert" musikk, men sidan det er vanskeleg å finne god musikk som er lovleg å laste ned utan idiotiske kopisperrer, så har det blitt musikk på den måten også.

Men no har eg funne ut at det finst butikkar på nettet som sel musikk i mp3-format med svært god teknisk kvalitet (VBR og minimum 192 kbps). Ein slik butikk er www.emusic.com, denne har eg no starta ein prøveperiode på 14 dagar der eg kan laste ned 20 låtar gratis. Etter prøveperioden kan eg abbonere for t.d. 10 dollar i månaden og laste ned inntil 25 låtar.

Dette synes eg er svært lovande og vil gjerne få tips frå de av dykk som har liknande erfaringar og kor fornøgde de er med tenestene. Tips om god musikk som er tilgjengeleg på slikt vis er jo også fint å få med seg.

Til no er det spesielt eitt album eg vil trekkje fram som eg har lasta ned. Lift Your Skinny Fists Like Antennas to Heaven av gruppa godspeed you! black emperor. For dei som likar svevande musikk som til dømes Takk! av Sigurd Ros.

2 Kommentarar

  1. baardemann
    Posted 22. februar, 2007 at 08:41 | Permalink

    Eg nyttar sjølv emusic og er godt nøgd med det. Eg reknar med at hvrd har synspunkt.

  2. hvrd
    Posted 22. februar, 2007 at 20:21 | Permalink

    Vel, eg har eigentleg ikkje ytterlegare å bidra med her. Eg har brukt emusic i snart eitt år og er kjempefornøgd. Prisane er latterleg låge samanlikna med td. iTunes sine, og filene ein lastar ned, vert som nemnt ikkje forpesta med irriterande kopisperrer.

    Sidan emusic fungerer bra for meg, har eg strengt att ikkje hatt behov for å sjå etter alternativ, og på gata er det framleis emusic som gjeld.

    Honnør til korsi for å ta opp dette flotte temaet og for å nemne det strålande ensemblet Godspeed You Black Emperor. Dei to andre utgjevingane som er tilgjengeleg på emusic er også verd å sjekke ut. Sistealbumet Yanqui UXO (el likn) var diverre ein nedtur.

    Mitt tips frå emusic er den vanvittige Love Lifted Me / My Rock med The Swan Silvertones. Ein perfekt introduksjon til kvalitets r&b-gospel. For å kompensere ørlite anbefalar vil eg også nytte høve til å tilrå ei samling skjeggete folk-låtar på samlinga Folk Off!