when the going gets though…

Med såpass slagkraftige fans kan det vel ikkje gå så galt i år:)

Festivalnytt

Som den oppvakte lesar allereie har fått med seg, har Lost Weekend-gjengen på Askøy stadfesta at Flaming Lips spelar til dans i byrjinga av august. Dei fleste festivalane er godt i gang med bookinga og det er spennande å følgje med. Les meir »

Ikkje gløym å sjå deg over skuldra!

Oppfordringa gjeld spesielt dei av Doktor Munk sine lesarar som bur i det nordlegaste fylket i landet. Om ein føler seg trygg veit rovdyra å utnytte det. Vonaleg kan følgjande artikkel vere med på å generere litt angst.

Flaming Lips på tur

Ifølge avisa bt.no skal The Flaming Lips spele på årets Lost Weekend-festival. Det er noko å skrive heim om.

Nytt år – nye overskrifter

Medan andre skyter opp raketter og drikk champagne sit eg på sjukehuset og ventar på dei som blir truffe av rakettane og/eller drikk for mykje champagne. Til no har det ikkje kome nokre av dei sistnemnde, så eg har god tid til å lese dei første overskriftene i nettavisene i det nye året.

Og Firda startar såpass bra at det må distribuerast vidare til dei av Doktor Munk sine lesarar som ikkje vanlegvis er innom nettsidene til verdas største nynorskavis. Les meir »

Dei beste platene i 2006

The crane wife
Eit uavhenging panel av anonyme og svært høgtståande medlemmer av sentralkomiteen, har bestemt kva for plater som var dei beste i 2006. Her er lista:
Les meir »

Årets klubbhending

Klubbkonseptet In the shadows er klart for Førde og går av stabelen for første gong i morgon, fredag 22.12. Store namn står på plakaten, og arrangørane lovar ein dunkel aften.

Les meir »

Politiet vil sterkt rå folk frå å sove på riksvegar

Om ein tek oppgåva si alvorleg når ein les avisa Firda, kan ein komme ut for mykje rart. I dag fann eg ikkje mindre enn tre saker om folk som har sovna på ymse vegar i Sunnfjord.

1. I tretida natt til søndag fekk politiet melding om at ein mann låg og sov midt på Fjellvegen i Førde. Mannen, som er i 30-åra, var overstadig rusa. Politiet frakta han heim.

2. Ein rusa mann i 30-åra vart funnen overstadig rusa på gangvegen på Evja ved innfarten til Florø kvart over tre natt til laurdag. Politiet sørgde for at han kom seg heim.

Så til den siste og mest alvorlege:

3. Litt over klokka to natt til søndag vart ein tilsynelatande livlaus mann funnen midt på E-39 ved Breim i Gloppen kommune.

...Mannen, ein nordfjording tidleg i 20-åra, var overstadig rusa. Politiet vil sterkt rå folk frå å sove på riksvegar.

Eg kan ikkje hugse å ha lese om folk som har sovna på vegar før, og no er det plutseleg tre!? Kva er det som skjer?! Og kva er dette om at ein ikkje skal sove på riksvegar?

Robban

Dylan til Oslo

dylan

Bob Dylan kjem til Oslo fredag 30 mars neste år. Eg satsar på å vere der eg og.