7. desember, 2006 – 23:09
Eg synest å hugse at det var ein del av denne sida sine flotte bidragsytarar som hadde tenkt seg på Sufjan Stevens-konserten som var i Oslo for ei stund sida. Var det ingen som gjekk på konserten? Selde dei billettane? Eller har dei gløymd å skrive ei melding på Doktor Munk?
7. desember, 2006 – 23:05
Det har dumpa ned eit par juleplater i postkassa mi. Det er Amiee Mann si "One more drifter in the snow", stort sett julecoverlåtar i kjend Mann-stil. Og Sufjan Stevens "Presents songs for Christmas", ein forundringspakke med 5 cd-ar med opptak av julesongar gjort frå 2001-2006. Her er både klassikarar i ny drakt og heimesnikra julehits. Frå enkle intrumentalversjonar på piano til velkjend ofseleg orkestrerte songar. I tilleg til musikken får du med songhefte med nokre noveller, klistremerkje, teikneserie og plakat av den godaste Stevens med kone og born poserande framfor juletreet i stova (sic). Eg registrerer også at Morgenbladet sin meldar, beinhard ateist, nærast vert religiøs av musikken til dette kristne multitalentet frå Michigan. Ein cd-boks med julesongar er vel ikkje verste måten å starte ei omvending på?
1. desember, 2006 – 04:07
I det siste har eg byrja å lure på om draumen om å bli fotballproff aldri ville bli noko meir enn ein draum. Men med flaumen av penger i norsk fotball er det definitivt riktig tidspunkt å satse no. Berre les her!
27. november, 2006 – 17:22
Laurdag var det kjøpefri dag over heile verda. Du lurer sikkert på korleis det gjekk. Her er nokre ferske fakta:
- Det vart registrert 6,5 millionar korttransaksjonar i Noreg denne helga.
- Nordmenn brukte i snitt 417 kroner per transaksjon.
- Totalt vart det handla for 2, 7 milliarder kroner, ei auke på 11 % frå samme tid i fjor.
19. november, 2006 – 00:28
Det er fullt mogeleg å tenkje seg at ikkje alle lesarane av Doktor Munk er lesarar av avisa Firda. Difor vil eg gjerne komme med nokre opplysningar om kva som rører seg i den sunnfjordske folkesjela for tida. Les meir »
18. november, 2006 – 16:41
Eg hadde bestemt meg for å vente til jul, og det har gått bra i fleire månader no, men i dag måtte eg berre krype til korset og skaffe meg den siste Dag Solstad-boka: Armand V. fotnoter til en uutgravd roman. No får eg heller gle meg til eventuelt å få den nye boka til Ragnar Hovland.
3. november, 2006 – 17:17
Eg vart nett oppringt av ei dame som ville selge abbonement på Viasat. Ho lurte på kva for kanal eg såg mest på. Då eg svara NRK, fekk eg denne reaksjonen:
Hahahahahahahahahahahahahahahahaha!
For der går det så mange bra program lissom?
Hahahahahahahahahahahaha!
Kva er gale med NRK?
25. oktober, 2006 – 13:57
Storpolitikk, nabofeide, rettsak, sleipe eigedomsmeklarar og ein tannbørste som heng frå eit tre, alt i ein og same artikkel. Det kan umogleg bli betre! Les heile saka her.
21. oktober, 2006 – 16:39
Dolly Parton spelar til dans i Vestlandshallen fredag 9. mars. Hoppsasa!