Boknatt

Den 24. juni er det klart for den årlege boknatta i Fjærland. Dette er eit særs triveleg arrangement, som eg gladeleg tilrår. Denne gongen er sjansane for å gjere eit realt bok-kupp ekstra store, for Baardemann har sagt seg viljug til å selje store delar av den svært så innhaldsrike boksamlinga si.

Trendar

Eg har lenge interessert meg for trendforsking og vi har no fått eit uvurderleg hjelpemiddel i dette noko tidkrevande arbeidet: Google har nemleg lansert Google Trends. I ei lita analyse kom eg fram til følgjande oppsiktsvekkjande resultat: Rock er meir pop enn pop. Sjå sjølv.

Dagens disclaimer

Det er mykje ansvarsfråskriving for tida, og dette er nok mest utbreidd i USA. Men ein dag eg var på arbeid på bakeriet og skulle opne ein sekk sukker frå Danisco fann eg denne beskjeden bak på sekken: Produsert i Sverige eller Danmark. Dersom nokon skulle klage er det altså berre å skulde på nabolandet.

No er det også litt underleg at dansk sukker kan konkurrere ut afrikansk og latinamerikansk sukker på pris. Subsidier er ikkje like kjekt for alle..

Tiltakslyst

På Doktor Munk er aktiviteten låg, men det ikkje alle som er like late. I Førde har to eldsjeler satsa på å få arrangere fest for russen ved utstillingshallen natt til 17.mai. Rådmannen er ikkje ubetinga begeistra for planane, så no står heile arrangementet i fare. Simon Vie, ein av initiativtakarane, uttalar skuffa til Firda:

- "Det vil vere direkte bittert om dette går i vasken. Og det vil vere veldig trist for foreldra, etter som vi prøver å få til eit rusfritt arrangement."

Med slike edle motiv er det lov å vere skuffa, og eg stiller meg vantru til styresmaktene som ikkje takkar og bukkar for eit rusfritt russearrangement.
Heile saka kan du lese her

Omsetjing

Eg plukka fram ei plate med 70-tals psykideliarock og her er money i ny språkdrakt:

pengar

pengar, hu hei
få deg jobb med bra løn og du er okei
pengar gi gass
ta til deg det du kan og putt dei i di madrass
ny bil, god stil, lykke med opsjon
eg trur eg kjøper FC Wimbeldon

pengar går ut og inn
formen fin men hald deg langt unna bunken min
pengar er nummer ein
velgjering er pisspreik, eg går heim
eg flyr høgt på førsteklasse og er ganske kry
eg burde jammen hatt mitt eige fly

pengar det er ulovleg
del rettferdig men du får ikkje eit øre av meg
pengar vert det sagt
rota til alt vondt får mykje øydelagt
ber du pent om lønspålegg, ikkje rart
står du svakt.

Skål!

No trur eg ting er som før her hjå oss, og ufjelg.org er på trygge, amerikanske hender.

Au!

Iføglje Firda frå påskeaftan enda eit møljeslagsmål i Askvoll bl. a. med følgjande:

Ein person måtte til sjukehus for å ta stivkrampesprøyte etter at han skal ha vorten biten i tumultane.

Godt det fins sprøyter mot slikt.

You in reverse

Built to spill kjem ut med nytt album fem år etter Ancient Melodies of the Future !
You in reverse kjem offisielt ut tysdag, men allereie no er det mogeleg å få høyrt det. Eg er spent.

Fotball

Fotballinteresserte kan ta turen over til ufjelg.org/tipping for å delta i ein uformell tippeleik. Alle er hjartleg velkomne.

The last great american

Den ekstraordinære historia om Johnny Cash sitt liv og virke finst ikkje berre i spelefilmformat, men og i dokumentaren Johnny Cash - the last great american, som er produsert av BBC. Denne har eg kost meg med i dag. Medan Walk the line kun skrapar i overflata, kjem ein langt nærare innpå "the man in black" i dokumentaren. Den tek for seg karriera frå den spede starten og fram til den brått tok slutt i 2003. Kommentarar frå mellom andre Rosanne Cash, John Carter Cash, Merle Haggard og Kris Kristofferson er med på å kaste lys over både musikaren og den djupt plaga mannen. Sterk film.