
Baardemann kan i dag avsløre at han var med på laget som slo Vest-Tyskland i VM-finalen i 1966. Dette har til no vore ein vel bevart løyndom.

Baardemann kan i dag avsløre at han var med på laget som slo Vest-Tyskland i VM-finalen i 1966. Dette har til no vore ein vel bevart løyndom.
Muhammad Ali var ein ryse god boksar og for dei som har sett dokumentaren When we were kings, tek det ikkje lang tid før det går opp for ein at han også hadde det i kjeften. Mitt favorittsitat er følgjande:
I done wrassled with an alligator, I done tussled with a whale, handcuffed lightnin, threw thunder in jail. Only last week I murdered a rock, Injured a stone, hospitalized a brick, I'm so mean I make medicine sick.
Fleire godbitar finst på Wikiquote.
Det er ikkje spøk å spele landskamp mot Noreg. Lørdag 19. november kunne ein lese dette i Bergens Tidende:
...Selvsagt ville det vært et høydepunkt i karrieren, og hvem ville ikke ønske å spille VM for landet sitt, sier Nedved. Likevel er det langt frem til han tar avgjørelsen. Nedved var kaptein for Tsjekkia i den andre omspillskampen mot Norge, og han var en nøkkelfigur i tsjekkernes avansement.
- VM er langt unna. Først skal jeg la dette synke inn. Disse to kampene kostet meg fem år av livet mitt. Jeg var under et voldsomt press, og det var ikke enkelt, hevder 33-åringen.

Nesten påfallande mange gode bandfilmar som har kome på markedet i det siste. Denne genren består jo ofte av reine promofilmar for bandet det gjeld. Litt liveopptak og kanskje eit intervju om krisa når dei måtte få seg ny keyboardist. Men her har noko skjedd! Såg nyleg DIG! ein film om forhaldet mellom sjelefrendane i banda the dandy warhols og brian jonestown massacre. Filmskaparen har fulgt banda i 7 år, og dokumentert ein gradvise eskalerande konflikt etterkvart som the dandy warhols slo igjennom mens den festglade gjengen i the brian jonestown massacre slit med indre konfliktar, aukande rusmisbruk og ein frontfigur med profetiske visjonar men med meir enn ein fot i psykiatrien. Med tanke på at det ikkje er lenge sia " Some kind of monster" og " No direction home" har blitt gitt ut synes det som noko har skjedd i denne genren. Har nett bestillt "Ramones -the end of a century" og "Fearless freaks" om Flaming Lips og håper dei er like sjåverdige.
Både Aftenposten og Bergens Tidende smeller til med ein seksar til den danske filmen Drapet i dag. Filmen vart vist under BIFF i haust, og er no sett opp på ordinær kino. Eg har lufta min begeistring for denne filmen tidlegare, og nyttar no høvet til å gjere det ein gong til. Denne må du gå og sjå.
To timar etter annonsert tidspunkt kom Ken Stringfellow og Jon Auer frå The Posies til platesjappa Apollon. Med spøkar om tollarar hvis hender hadde vore både her og der, introduserte dei ein halvtimes akustisk slagerparade. Siste halvdel vart hovudsakleg brukt til å oppfylle ønskje frå, det langt over snittet tolmodige, bergenspublikumet. Vi fekk høyre nokre låtar frå den nye plata og eit par klassikarar, samt ein låt som visstnok var ein cover av Hüsker Dü (utan at eg på nokon måte kan verifisere det). Verdt å vente på var det iallfall.

I helga spelte Noreg som kjent ein fotballkamp mot Tsjekkia. Den samanlagte vinnaren vil vere kvalifisert til å delta i fotball VM i Tyskland til sommaren, og Tsjekkia ligg svært godt an etter å ha vunne 1-0 på Ullevål. Men spelarane på det tsjekkiske laget er likevel langt frå sikre på siger. Noreg er nemleg eit lag med spesielle kvalitetar. Stjernespelaren Nedved sa til Dagbladet etter kampen: - "Det er ikke over ennå fordi Norge er et tøft lag. De er farlige på cornere og lange innkast".
Lag som har dette som sine mest frykta kvalitetar fortener ingen plass i eit fotball VM.
Sit akkurat og kosar meg med Sufjan Stevens sitt album Come on feel the Illinoise. Det er i sanning eit fint potpurri av pop, korsong, blåsarar, strykarar, sirkusmusikk og pompøse filmmusikkpastisjar! 22 låtar er ikkje verst når han har eit ambisiøst mål om å lage ei plate for kvar amerikansk stat. Han har jo og kome med overskotsmateriale som ikkje passa inn i den amerikanske geografien og måtte kallast Seven Swans.
Som det heiter i reklamar: Løp og kjøp!
Ein utanlandsk nettstad presenterer ei samling av latterlege svartmetall-bilete:
Ruthlessreviews (Mykje fin norsk ungdom der, ja!)
NB! Bileta kan verke støytande!