23. september, 2005 – 11:20
Bergens Tidende skal leggje om til tabloidformat neste haust. Det avgjorde styret i bedrifta torsdag ettermiddag.
22. september, 2005 – 11:42
Det er alltid moro når heimtraktene blir omtala i riksaviser, slik som i dagbladet:
http://www.dagbladet.no/kultur/2005/09/21/444071.html
Apostrof er jo berre sååå fint!
19. september, 2005 – 16:37
Hei og hå og ei flaske med rom! I dag er den internasjonale "Snakk som ein pirat-dagen" og alle vert oppfordra til å snakke slik det høver seg. Wikipedia kan fortelje meir om saka. Eit alternativ kan vere å sjå den ganske så morosame filmen Pirates of the Caribbean med Johnny Depp i hovudrolla, hvis rollefigur er inspirert av Keith Richards.
16. september, 2005 – 10:32
Det nye programmet til Bård, Harald og Atle hadde premiere i går og eg kan med ein gong seie at eg vart litt skuffa. Det var mykje Tazte priv-stoff som var omgjord til fjernsyn og andre ting som vi har sett liknande av før. Det var riktig nok litt humring, og Lena er moro, men kanskje for lang?
Kanskje dei trur at det ikkje er så mange som har fått med seg Tazte priv og at dei då kan bruke gamle greier om att?
Vi får vone på litt meir nytt i komande program.
13. september, 2005 – 14:48

Ein svært spanande valkveld fekk ein lukkeleg utgang då det mest humane, sosiale, distriktsvennlege og miljøvennlege alternativet vann. Vi går lysare tider i møte.
6. september, 2005 – 22:21
Dagbladet skriv at den fabelaktige teikneserien Bone straks vert lansert i dataspelutgåve. Spelet er laga av tidlegare tilsette i LucasArts, som stod bak t.d. Sam & Max og Day of the Tentacle. Æ glær mæ og eg må kanskje kjøpe mitt fjerde dataspel (for dei nyfikne: dei tre andre er Defenders of the Crown, Half Life og Half Life 2).
3. september, 2005 – 15:00
Dersom du har 895 kroner til overs, så kvifor ikkje nytte dei på den uslåeleg gode vekeavisa Dag og Tid. Er du student kjem ei årstinging på berre 537 kroner. Differansen kan til dømes nyttast til ei flaske 20 år gamal Madeira frå Barbeito (#46060 Barbeito Malvasia Special Reserva 20 years old), som du kan nippe til medan du les og hyggjer deg.
Haruki Murakami er eit namn som det er vanskeleg å få dreisen på i byrjinga, men som det er svært kjekt å seie etter kvart som ein vert fortruleg med det (omtrent som med sudoku altså). Det har vore mykje mas om Murakami på Doktor Munk, men det er ikkje utan grunn. No har eg lese Sputnik Sweethart, som førebels ikkje finst på norsk sjølv om den kom ut første gong i 1999. Boka klarar seg godt i konkurranse med dei beste romanane til forfattaren: Norwegian wood, Trekkoppfuglen og Kafka on the shore. Murakami har skapt eit heilt særeige univers som samtidig er svært realistisk og absurd, og Sputnik Sweethart føyer seg fint inn i denne tradisjonen. Forteljaren, K. er forelska i Sumire, som er forelska i den sytten år eldre Miu, som dessutan er kvinne. Eit interessant trekantdrama som utviklar seg til å verte ein melankolsk og innsiktsfull tekst om identitet og kjærleik. Anbefalt lesnad.
Eg har fått mailboksen min full av klager på den tynne konsertlista, så her følgjer ei oppdatert utgåve:
Det er haust og ein kan og bør kose seg med kvalitetsmusikk. Her følgjer eit ørlite utval av kva ein kan klare å gå glipp av dersom ein prøver eller ikkje bur i Bergen:
01.09 - Novgorod - Kamelon - Våre favorittar frå Real Ones spelar ikkje gospel denne gongen, men "etnisk populærmusikk fra 50- og 60-tallet fra Finland, Russland og andre østersjøland; finsk swinghumppa, jiddisk tango og russisk sigøynersang". Bandet består av to blad Chelsom Vogt, Jørgen Sandvik og Gabriel Fliflet. Eg trur vi snakkar om eit høgdepunkt her.
03.09 - William Hut - Festplassen - No også med eit kledeleg countryansikt (Hut, altså).
03.09 - Serena Maneesh - Kvarteret - Skosnute-rock med internasjonalt snitt (kremt!) frå popkonossøren Emil Nikolaisen (tidl. The Loch Ness Mouse).
05.09 - Geoff Berner (support Leiv Reed) - Kamelon - Galimatias på trekkspel som spelar klezmerpop.
10.09 - Silverbullit - Kvarteret - Rock? Javisst!
11.09 - Drive by truckers - Kamelon - Skiten bensinrock gjev påfyll til rockefoten direkte frå dei amerikanske sørstatane - Georgia.
12.09 - Magic Numbers - Garage - Fabelaktig pop med 60-talet malt i fine fargar på tangentane.
15.09 - Datarock - Hulen - Fafafafafafafafa! Ikkje like tøft som Talking Heads, men fanden så nær!
16.09 - Doktor Kosmos - Bulen Hulen - Sosialdemokratisk progrock frå Malmø.
28.09 - Moneybrother - Kvarteret - Svensk Bruce Springsteen spelar finslegbasert rock med særs gode melodiar (sjekk ut hiten Blow him back into my arms)!

Eg har omtrent ikkje nytta radio sidan den tida då Radio Luxemburg og Ti i skuddet var det heilt store. No har eg fått meg mobiltelefon med radio, og interessen byrjar så smått å vende tilbake. Problemet er at eg ikkje veit kva eg skal høyre på bortsett frå P.I.L.S og Cowboy og indianer. Eg er takksam for tips frå andre Doktor Munk-brukarar.