3 brødre

Det nye programmet til Bård, Harald og Atle hadde premiere i går og eg kan med ein gong seie at eg vart litt skuffa. Det var mykje Tazte priv-stoff som var omgjord til fjernsyn og andre ting som vi har sett liknande av før. Det var riktig nok litt humring, og Lena er moro, men kanskje for lang?

Kanskje dei trur at det ikkje er så mange som har fått med seg Tazte priv og at dei då kan bruke gamle greier om att?

Vi får vone på litt meir nytt i komande program.

3 Kommentarar

  1. Posted 18. september, 2005 at 19:37 | Permalink

    Er einig i at programmet var ei noko blanda oppleving, og Lena-skjetsjen byrjar eg å bli grundig lei av. Eg likte derimot innslaget med "Norge i dag" der programleiaren snakka heilt uforståeleg. Minna litt om den Åpen post-sketsjen med dei danskane som ikkje forstår kvarandre.

  2. Posted 23. september, 2005 at 11:22 | Permalink

    Program nr.2 likte eg svært godt. Norge i dag er framleis svært morosamt, og ikkje minst lo eg godt av Du skal høre mye i detaljert og skummel versjon.

  3. Posted 25. september, 2005 at 12:24 | Permalink

    Eg har sett halve program ein og heile program to og er skuffa. Det er ein del dårlege kopiar av Tazte priv-materiale og noko nytt materiale. Begge delar er eg like skuffa over, kanskje bortsett frå første entreen til miljøvernminister Hareide.