Uansett kor mykje folk tråkker på deg og prøver å holde deg nede: slå tilbake. Aldri gi opp. Tru på deg sjølv. Fortsett kampen. Du kan slå deg ut av alt. Hold ut. Du er verdifull.
Av baardemann|Publisert i Ymse|Kommentarar avslått på No surrender
På platespelaren for tida er siste plata til Morrissey, Years of refusal. Den er strålande, og mykje betre enn førre forsøk frå den kanten. Det lovar bra for Oslo-besøket i vår. The crying light med Antony and the Johnsons får og mykje speletid. Var i utgangspunktet skeptisk til om Antony kunne følgje opp suksessen med I am a bird now, men det klarar han faktisk. Så vil eg til slutt nemne The tallest man on earth med plata Shallow graves. Han er ein Dylan-inspirert, svensk trubadur som skriv utsøkte melodiar.
Ein smakebit frå sistnemnde: (med Nick Drake-intro)
Du er ein typisk Halvor Erdal! Du er ein kundevennleg person, som gjerne slår av ein liten spøk til kundar litt for ofte. Gjer alt for å unngå å sitte i kassa.
Det er sagt at det finnast tre typer løgn: løgn, forbannet løgn og statistikk. Dette gjeld definitivt for Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF) sin statistikk om bustadprisane. Les meir »
Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon.
Om du ikkje har lyst å betale 99 bols/mnd, må du ha ein invitasjon for å få tilgang. I skrivande stund har eg to stk att og eg er så storsinna i desse juletider at eg rett og slett donerer dei bort til den første, og den andre, som melder seg (det er altså det såkalla "første mann til mølla-prinsippet" som gjeld).
Avisa Verdens gang presenterte i dag lister over dei mest populære søka på internett i år. Ikkje så mange overraskingar og ikkje særs interessant. Her er ei liste over dei mest populære sakene på Ufjelg i 2008. Finans er naturleg nok hot, og merkeleg nok klamrar Tiller seg til toppen:
(tala i parantes viser kor mange gonger artiklane er opna) Les meir »
I Dine Pengers undersøking av bilførarars haldningar og handlingar kom BMW-eigarar, saman med Audi- og Mercedes-eigarar, dårlegast ut, skriv Aftenposten.
De beholder gjerne penger de finner, de kjører gjerne for fort, de sniker på trikken og synes ikke det er så ille å snyte litt på skatten. Samtidig er BMW det bilmerket som kolliderer mest.
Godt å få stadfesta dette.
Av hvrd|Publisert i Informasjon|Kommentarar avslått på BMW-eigarar er verstingar