Stortingsrepresentant Saera Khan har fått mykje kritikk den seinaste tida fordi ho angiveleg skal ha misbrukt ordninga som gjev folkevalgte fri tilgang på telefon. Det viser seg no at ein vesentleg grunn til at Khan har hatt så stor telefonrekning, er at ho har ringt til ei spåkone 58 gonger. I 2001 oppsøkte eg sjølv ei spåkone i Brasil, og veit difor at ein kan få uvurderleg informasjon frå den kanten. Det verkar unekteleg som om nokon er ute etter å "ta" Khan.
The Micropops med Håkon Njøten er headliner under helgas Dugnad-festival der inntektene går til bandsa som mista utstyret sitt under brannen i Skuteviksbodene. Andre bands som stiller opp er: Datarock, The Whitest Boy Alive og Kim Hiorthøy.
Ei plate som har fått mykje god omtale av ymse kritikarar i haust, er You & me med gruppa The Walkmen. No då eg har høyrd intensivt på ho ei stund, kan ikkje ikkje anna enn å vere samd med desse. Songen In the new year tykkjer eg særleg godt om. God helg godtfolk.
I kveld 23.40 sender Tv2 første episode av den legendariske fjernsyns-serien Twin Peaks. Det blir eit deilig gjensyn med tidenes skumlaste serie og eit fantastisk persongalleri. Pete Martell finn liket av Laura Palmer, Ronette Pulaski blir funne skamslått og FBI-agent Dale Cooper kjem til Twin Peaks, i ein episode som er av dei absolutt betre i serien.
21. og 22. august går OL-konkurransane i moderne femkamp av stabelen. Det skal konkurrerast i 10 m luftpistol, fekting med korde (ikkje sabel, nei), 200 m fristilsymjing, sprangridning med ukjent hest og 3 km terrengløp. Ifølge Wikipedia vart konkurransen konstruert av baron Pierre de Coubertin og den har som mål å simulere erfaringane til ein kavalerist på 1800-talet.
I herreklassen er verdsmeister av året Ilya Frolov ein av dei store favorittane. Det er også knytt stor spenning til om vinnaren frå Athen, Andrei Moiseev, vil klare å gjenta bragden frå 2004. På spinnesida er det store forhåpningar til om den egyptiske verdscupvinnaren frå i fjor, 20 år gamle Aya Medany, kan hamle opp med verdsmeisteren dei siste to åra, franske Amelia Caze.
Konsertar med Neil Young nærmar seg. Nokon heldige skal avgarde for å sjå han allereie i morgon, medan andre må vente heilt til den 26. Her er ein smakebit.
Etter ein fantastisk sommarferie er det på nytt kvardagen som rår. Den held stort sett eit høgt nivå, krydra med enkelte høgdepunkt. Å verte oppringt av ein telefonselgar representerar definitivt eit slikt høgdepunkt. Etter at eg starta med min strategi å aldri avslutte ein samtale med ein telefonselgar har det dessverre vorte stadig sjeldnare at dei ringer. Men her ein dag måtte eg ta telefonen for mi kone (!) då ho var travelt oppteken med å køyre bil. Til mi store glede var det Krisfoffer frå Norsk Helsekost AS som ringte. Samtalen gjekk omtrent som følger: Les meir »
Robyn Hitchcock syng Dylan akkopagnert av Gillian Welch og David Rawlings. Meir talent går det ikkje å samle i ei setning. Trying to get to heaven before they close the door.