Om Doktor Munk

Litt informasjon er på sin plass, om enn noko kortfatta.

Kven er Doktor Munk?
Doktor Munk er ein av hovudpersonane i bøkene Sveve over vatna og Doktor Munks testamente av Ragnar Hovland. Ein sabla interessant person, og som det står ein stad her på sida, ein allsidig herremann. Han opptrer saman med hovudpersonen i desse bøkene (eg) og Waglen, ein videoforhandlar, med spesialfelt kannibalfilmar. Utan løyve siterer eg Are Kalvø: [...] norsk litteraturs tøffaste figur: Sauebonden, rockaren, nærradioprogramleiaren, filosofen og entertaineren Dr. Munk. [...].

Kvifor namnet Doktor Munk?
Grunnen er enkel: Vi kom ikkje på noko betre, berre dårlegare. Dessutan skriv Hovland framifrå litteratur, og vi ønskjer at fleire skal få kjennskap til den.

Kva er Doktor Munk?
Ein nettstad for alle.

Og litt meir fakta til slutt:
Doktor Munk brukar programvaren WordPress for å vise innhaldet. Bunaden er basert på Rin av Broken Kode og modifisert av T og H.

Sjå også