I førre veke var det duka for ein historisk konsert på Chateu Neuf i Oslo. Då urframførde nemleg Trio Søt fem låtar av Motorpsycho i nynorsk språkdrakt og med nye arrangement. Det heile er dokumentert med opptaksbasert utstyr og kan spelast av med passande edb-basert programvare.
Låtane som dei spelte var Ventande på den eine, Pillar, pulver og kjenslespel, Nå er det skøytetid, Stjernesmelt/elskovsljos og Stort sjokk
Som relativt stor fan av Motorpsycho må eg innrømme at dette var eit svært så kjærkome innslag. Moroa finn de på Motorpsycho sin nettstad. Adresseavisa har meir om Trio Søt.
2 Kommentarar
Veldig bra! Fekk på nytt opp øyrene for kor bra Motorpsycho er!
Meget pent dette. Spesielt Stjernesmelt/Elskovsljos. Som en som har fått nynorsk inn hovedsaklig gjennom sportsrevyens eminente ekvilibrist og krølltopp Sølve Grotmol hadde jeg imidlertid helst sett at formen "skeisetid" ble brukt.