Eg er endeleg ferdig med min eksamen, men det er hardt å trappe ned på internetsurfinga. No har eg funne ein genial guide på min ville ferd i verdsveven. Eg lasta ned ein "extension" til firefox, eit program som heiter StumbleUpon. Etter å ha installert det får ein ein liten StumbleUpon knapp i venstre hjørnet av nettlesaren og når ein kjedar seg er det berre å trykke på den, så tar den deg til ein ny og spanande nettstad. Fantastisk!
Her er ein link til kor ein kan hente ned programmet. Det er forøvrig ein mengde extensions ein kan laste ned. Nokon som har fått weatherforcast programmet til å virke?
7 Kommentarar
To spørsmål, eg stiller før sjølv før nokon andre får sjansen:
1) Kvifor kom innlegget mitt to gonger?
2) Kor vart linken av?
1) Eg veit ikkje.
2) Eg veit ikkje, men kva med aa proeve aa poste linken paa nytt? Du maa foerst skrive inn teksten som skal vere linka, deretter merke den og saa trykke paa link-knappen. Trur dette skal fungere.
Eg sletta den andre utg av innlegget ditt. Det er mulig du har lov til aa slette dine eigne innlegg, det boer du sjekke. Og det er sjoelvsagt rimeleg at du har hoeve til aa slette det du sjoelv har skrive.
Eg installerte StumbleUpon i ettermiddag, og har brukt resten av dagen til å nytte meg av tenesta. Reknar med at heile morgondagen ryk med.
Extensions er ein av fleire grunnar til aa bruke firefox. Eg har nytta meg av weatherforecast (tidl forecastfox) i lengre tid - utan problem. Men det kjem an paa kva du meinar med at den ikkje virkar... Viser den at kun er daarleg ver?? 😀 Det er det definitivt ikkje i Barcelona...
Her er sida for firefox-extensions: https://addons.mozilla.org/extensions/?application=firefox
eg har lasta den ned og installert den, men eg finn den ikkje igjen i nettlesaren min...
I ein av menyane, kanskje ca nr to fraa hoegre, finn du eit pkt som heiter Extensions. Daa skal du faa opp alle installerte extensions. Proev aa hoegreklikke paa forecastfox. Kanskje du finn meir hjelp her: http://forecastfox.mozdev.org/
fekk det til å virke no. eg siterer: "Nå Oslo, Norway: Sunny, 27 C, Vind N, 2 m/s"