Songfuglar og fengselsfuglar

I reality-floraen er det mykje ugras, og sjølv om sjangeren er relativt ung, er det resirkulasjon mykje meir enn nyskaping som har prega dei nye seriane, som til dømes Den rette for Tor og den heilt unødvendige Sangstjerner. TvNorge sin seinaste satsing klarer heller ikkje heilt å frigjere seg frå velbrukte oppskrifter, men den har likevel mykje for seg.

Fengselskoret er vel like mykje eit program om folk som er langt nede og som leitar etter utvegar i meir enn fysisk forstand, enn ein songkonkurranse eller realityserie. Det er som fengselsdokumentar denne serien er mest interessant, og serieskaparane har klokleg nytta det unike høvet til å få fangar til å tenkje høgt om tilveret, framfor å blir eit slags Idol i fengselet.

I reality-forstand syner serien fram ein gjeng med meir eller mindre hardbarka mannfolk i Oslo fengsel som skal få trening i å synge, og i slutten av ein periode på ti veker opptre som eit kor framfor resten av fangane.

På pluss-sida må vel og nemnast stabil filming, og at songpedagogen liknar på Katrine F.

Fengselskoret kan du sjå på TvNorge søndagar klokka 21.30.

Sjå også