30. november, 2005 – 15:25
Eg har hatt ein noko lav aktivitet på Doktor Munk i det siste. Det skuldast for ein stor del at eg ikkje lengre har internet heime. Der eg bur har vi hatt trådlaus nett og det har vore vidåpent. Etterkvart vart det imidlertid ganske åpenbart at fleire naboar nytta seg av vårt nett, noko som […]
30. november, 2005 – 13:43
Baardemann kan i dag avsløre at han var med på laget som slo Vest-Tyskland i VM-finalen i 1966. Dette har til no vore ein vel bevart løyndom.
28. november, 2005 – 20:52
Muhammad Ali var ein ryse god boksar og for dei som har sett dokumentaren When we were kings, tek det ikkje lang tid før det går opp for ein at han også hadde det i kjeften. Mitt favorittsitat er følgjande: I done wrassled with an alligator, I done tussled with a whale, handcuffed lightnin, threw […]
20. november, 2005 – 10:43
Det er ikkje spøk å spele landskamp mot Noreg. Lørdag 19. november kunne ein lese dette i Bergens Tidende: ...Selvsagt ville det vært et høydepunkt i karrieren, og hvem ville ikke ønske å spille VM for landet sitt, sier Nedved. Likevel er det langt frem til han tar avgjørelsen. Nedved var kaptein for Tsjekkia i […]
18. november, 2005 – 13:09
Nesten påfallande mange gode bandfilmar som har kome på markedet i det siste. Denne genren består jo ofte av reine promofilmar for bandet det gjeld. Litt liveopptak og kanskje eit intervju om krisa når dei måtte få seg ny keyboardist. Men her har noko skjedd! Såg nyleg DIG! ein film om forhaldet mellom sjelefrendane i […]
17. november, 2005 – 14:08
Både Aftenposten og Bergens Tidende smeller til med ein seksar til den danske filmen Drapet i dag. Filmen vart vist under BIFF i haust, og er no sett opp på ordinær kino. Eg har lufta min begeistring for denne filmen tidlegare, og nyttar no høvet til å gjere det ein gong til. Denne må du […]
16. november, 2005 – 18:37
To timar etter annonsert tidspunkt kom Ken Stringfellow og Jon Auer frå The Posies til platesjappa Apollon. Med spøkar om tollarar hvis hender hadde vore både her og der, introduserte dei ein halvtimes akustisk slagerparade. Siste halvdel vart hovudsakleg brukt til å oppfylle ønskje frå, det langt over snittet tolmodige, bergenspublikumet. Vi fekk høyre nokre […]
14. november, 2005 – 22:26
I helga spelte Noreg som kjent ein fotballkamp mot Tsjekkia. Den samanlagte vinnaren vil vere kvalifisert til å delta i fotball VM i Tyskland til sommaren, og Tsjekkia ligg svært godt an etter å ha vunne 1-0 på Ullevål. Men spelarane på det tsjekkiske laget er likevel langt frå sikre på siger. Noreg er nemleg […]
5. november, 2005 – 15:35
Sit akkurat og kosar meg med Sufjan Stevens sitt album Come on feel the Illinoise. Det er i sanning eit fint potpurri av pop, korsong, blåsarar, strykarar, sirkusmusikk og pompøse filmmusikkpastisjar! 22 låtar er ikkje verst når han har eit ambisiøst mål om å lage ei plate for kvar amerikansk stat. Han har jo og […]
3. november, 2005 – 08:40
Ein utanlandsk nettstad presenterer ei samling av latterlege svartmetall-bilete: Ruthlessreviews (Mykje fin norsk ungdom der, ja!) NB! Bileta kan verke støytande!