Heia Tsjekkia!

I helga spelte Noreg som kjent ein fotballkamp mot Tsjekkia. Den samanlagte vinnaren vil vere kvalifisert til å delta i fotball VM i Tyskland til sommaren, og Tsjekkia ligg svært godt an etter å ha vunne 1-0 på Ullevål. Men spelarane på det tsjekkiske laget er likevel langt frå sikre på siger. Noreg er nemleg eit lag med spesielle kvalitetar. Stjernespelaren Nedved sa til Dagbladet etter kampen: - "Det er ikke over ennå fordi Norge er et tøft lag. De er farlige på cornere og lange innkast".

Lag som har dette som sine mest frykta kvalitetar fortener ingen plass i eit fotball VM.

Sjå også

10 Kommentarar

  1. baardemann
    Posted 15. november, 2005 at 12:57 | Permalink

    Kan forsåvidt vere einig med deg. Kjem nok kanskje til å holde med Norge, men eg kjenner ikkje spesielt stor entusiasme for landslaget for tida. Laget har i det heile lite å være stolte av i denne kvalifiseringa. 1-1 heime mot Hviterussland, 0-0 borte mot Moldova og tap heime mot Skottland er ikkje mykje å rope hurra! for. Og sigeren borte mot Slovenia var jo griseflaks. Det lover heller ikkje bra når Bergdølmo, Iversen, Høiland og Solli er bra nok for startoppstillinga.

    No snør det i Bergen! Hurra!

  2. drleiv
    Posted 15. november, 2005 at 21:21 | Permalink

    Eg har kome på fleire ting som irriterar meg med landslaget.
    1) etter forrige kamp var Hareide svært irritert på at den hemmelege taktikken Noreg skulle ha på dødballar var lekt til pressa og dermed også til Tsjekkia. Det er rimeleg patetisk å gjere ei stor sak ut av dette når dei norske spelarane ikkje ein gong klarar å slå ein dødball presist nok til at det kan bli ein sjanse uavhengig av kor genialt opplegget måtte vere.

    2) på TV2 sporten idag raste Hareide over at Tsjekkia hadde gjeve det norske laget fotballar med for lite luft i. Han meinte at dette var bevisst sabotasje og at det var "heilt typisk". Det må vere lov å spørre seg: Kor stort problem er det å pumpe luft i ein fotball eller to? Eg ser det som svært sannsynleg at landslaget til og med har med seg ein eigen ansatt til å gjere jobbar som dette når dei er på reise i utlandet.

    Men når alt dette er sagt: i morgon inivterer eg til fotballkamp, øl og Grandiosa hos meg.

  3. hvrd
    Posted 15. november, 2005 at 21:58 | Permalink

    Frå mi tid som fotballspelande meinar eg å hugse at det var oppmannen sin jobb å blande saft, pumpe luft i ballar og merke bana. No er bana merka og fotballspelarane drikk vel ein eller annan fluoriserande sportsdrikk, då kan det ikkje vere særleg problem å pumpe ballar. Og tek eg ikkje feil, får ein kjøpt trykkluft boks òg!

  4. Proletaren
    Posted 15. november, 2005 at 23:08 | Permalink

    Eg trur dette med oppmann har sklidd litt ut høgare oppe i systemet. Det er mykje ansvarsfråskriving. Oppmannen er alltid han hin mannen. Trur kanskje trykkluft boks skal skrivast trykkluftboks.

    PS: drleiv har nett vore i Unaiten og kan sikkert fortelje mykje om jyselege og sterkt farga sportsdrikker som var å få under NYC maraton.

  5. hvrd
    Posted 15. november, 2005 at 23:15 | Permalink

    Du har rett på alle felt. Når det gjeld trykklufta er det sjølvsagt uakseptabelt (frå ein så kalla språk fantiakar som meg), men til forsvar kan eg informere om at det var meininga å skrive trykkluft på boks.

  6. Jonspion
    Posted 16. november, 2005 at 18:19 | Permalink

    Den selvutnevnte språkfanatikereren Hvrd bør kanskje feie litt for egen dør av og til. En fluoriserende drikk er en drikk tilsatt fluor, noe jeg tviler på er vanlig i de flouriserende sportsdrikkene som finnes på markedet. Fotballkunnskapen er det imidlertid ingenting å si på.

  7. hvrd
    Posted 16. november, 2005 at 18:33 | Permalink

    For å halde oss til saka: Eg er einig med drleiv. (Og den som måtte ha fleire kommentarar til språket mitt er hjartleg velkomen til å ta det opp i eit eige innlegg! I mellomtida går eg og kostar framfor døra.)

  8. drleiv
    Posted 17. november, 2005 at 00:08 | Permalink

    Då er pizzaen oppeten, ølet konsumert og Noreg er ute av dansen. Det positive er at vi no kan glede oss til eit VM der vi korkje treng å vere nervøse eller skamfulle. Istaden kan vi fullt ut la oss underhalde av fotballspelande lag som har skjønt viktigheten av (og har evna til å utføre!) det Drillo kallar "jåleri". Snakkast i Tyskland! (korleis går det med husprosjektet, bardemann?)

  9. baardemann
    Posted 17. november, 2005 at 14:02 | Permalink

    Det går dårlig med husprosjektet.

  10. baardemann
    Posted 17. november, 2005 at 14:37 | Permalink

    Eg må jo ellers seie at det ser ut til å bli eit fantastisk interessant VM med utruleg mange spanande lag å følge med på. Angola, Elfenbenskysten, Togo, Ghana, Trinidad og Tobago og Ukraina er alle debutanter, og lag som Serbia og Montenegro, Japan, Iran, Sør-Korea og Saudi-Arabia er jo heller ikkje dagleg kost. Dette blir moro!