Medan konsertredaksjonen sit på ræva og gremmest over det sparsommelege konserttilbodet i Bergen denne våren, har Oslo-gjengen lansert eit uslåeleg tilbod onsdag 1. februar: For The Sake Of The Song - en hyllest til TOWNES VAN ZANDT. Cafe Mono lovar kjente andlet som Paal Flaat, Martin Hagfors og Robert Buraas, samt overraskingar.
Det vert gjort merksam på at vi kjem attende med oppdatert kvartalsbasert konsertkompass for Bergen om ikkje altfor lenge. (Og i ein parantes vert nemnast det at bl. a. Josh Rouse, Teddy Thompson og Bettye Lavette kjem til Bergenfest, men det er jo ikkje før om 5 månader.)
9 Kommentarar
Enda lenger fram i tid minnes det om at Sufjan Stevens er bekreftet til årets Quart-festival, ifølge sikre kilder. Så om man tåler kids som drar på festival i penklær, så har men en fin opplevelse i vente. Sufjan er visstnok også aktuell for Visefestivalen i Egersund i samme periode, men dette er ikke bekreftet enda.
Hmmm.. nokon som vil vere med?
Til Oslo eller til Kristiansand? Eg held ein knapp på Egersund.
Kanskje ein tur til Egersund hadde vore fint?
Skulle svært gjerne ha vore på Mono 1.feb, men skal flytte til Førde dagen før. Er ekstremt interessert i konserttips i Førde framover....
Ifølge kalendaren til http://www.fordepuls.no skjer det ingenting verken i februar, mars, april eller mai.
Men i oslo skjer det ting, kva med Iron & wine/calexico på rockefeller 1.mai!
Det høyrest absolutt freistande ut med I&W/Calexico, men eg trur det får greie seg med Bergenfest (28. april - 6.mai). Så langt er t.d. Josh Rouse, Stuart Staples og Daniel Lanois stadfesta.
Kul side!
Stemmer nok det med konsertoversikten i Førde..(www.fordepuls.no). Det er 2 grunner til dette:
Den første er at det er jo lite konserter i Førde (synd men sant..), den andre er at det er INGEN uteplasser som GIDDER å sende informasjon til Førdepuls, må finne fram alt sjøl..og då blir det å følge med på plakater i Førde sentrum.
Det er stor mangel på markedsføring i Førde..
PS! Om dåkke bruker http://www.fordepuls.no, gidder dåkke å registrere dåkke? Fleire medlemmer = meir interesse fra uteplasser osv.. 🙂