Programmet for Bergenfest er klart

Og for eit program! Etter fjorårets litt skuffande program er no Frank Nes & Co klare med noko som i underteikna sine auge er tipp-topp. Mildt sagt. Chris Hillman (ex The Byrds og Flying Burrito Bros) og kumpanen Herb Pedersen er tilbake med sin fantastiske bluegrass. Denne konserten var det desiderte høgdepunktet i 2003 og det er vel ingen grunn til at det ikkje vert det i år òg. Andre nyheiter som vart lansert idag er den kanadiske supergruppa The New Pornographers, countrybluesaren William Elliot Whitmore, norgesvenene Legendary Shack Shakers, USAs beste bluegrassband (offisielt) Chatham County Line, Dumdum Boys og hiphopmisteren Guru's Jazzmatazz. Frå før er bl. a. Josh Rouse, Teddy Thompson, Alex Chilton, Tift Merrit og The Stooges klare. Her er det berre å knuse sparegrisen.

Festen går av stabelen 28. april - 6. mai. Les meir på Bergenfest.no.

Sjå også