Månadleg arkiv: august 2006

Intervju med Frank Silva

Dei fleste av oss hugsar nok Frank Silva. Kanskje ikkje under hans eigentlege namn, men berre ta ein kikk på filmen...

Skild ved fødselen

Etter å ha sett eit bilete av president i Norges fotballforbund, Sondre Kåfjord, er det ikkje lenger tvil - han må vere tvillingbroren til Keisar Palpatine frå Star Wars. Pass på, han kjem nok ikkje til å nøye seg med tittelen president så lengje, snart vert han fotballkeisaren av Noreg.

Comeback for Atomic Swing

Atomic Swing var store på nittitalet og debutalbumet "A car crash in the blue" frå 1993 selde 90 000 i Sverige. No er dei tilbake utan at eg har fått det med meg. Er informasjonsstraumen om sumaren heilt tørr, eller er ikkje dette stoff for aviser og radio? Dei har i allefall sluppe eit nytt […]

Skandale !!!

Nokre av denne nettsida sine flottaste bidragsytarar var på rockefestivalen Øya i Oslo for ikkje lenge sidan. Der var det mange minneverdige konsertar, og den beste var kanskje !!! sin energiske og fengjande konsert på torsdagen. Denne konserten er diverre ikkje anmeld i aviser eller nettstader. På nrk P3 sine nettsider der det no finnst […]

P1

Det kan til tider vere kjekt å høyre på radio, til dømes i arbeidssituasjon. Men det er ikkje alltid ein er like samd i musikken som vert spela. Då kan du når du har tid setje deg ned framfor PC-en og leite litt i arkivet og høyre på mykje fint. Eg veit jo at ein […]

Vin meg her og vin meg der

Vår eigen Proletar er redaktør for den framifrå nettstaden Vinpressa.no, og i siste innlegg rapporterer han frå redaksjonen sin årlege tur. Denne gongen gjekk turen til Voss og Nord-Europas beste vinkjellar hjå Park Hotel Vossevangen og Restaurant Elysée .

Modern times

For dei som ikkje har fått med seg det, er Bob Dylan nær ved å sleppe sitt førtifjerde album. Det skal heite Modern times, og kan kjøpast frå 28. august. Albumet inngår, ifølge Columbia records, i ein triologi som også omfattar Time out of mind og Love and theft.

Skal det vere eit krypinn?

Notar er alle sin favorittmeklar men i føljande prospekt stussar eg litt over kva dei eigentleg prøver å selgje.

Nytt frå fjern og nær

Grunna akutt mangel på kompetente skribentar held redaksjonen fram med å levere drøvtygd oppgulp frå Nye Media (TM): På internett står det at Johnny Marr (han tjukke i The Smiths) er blitt med i Modest Mouse. Gå' mann, som dei seier her i byn. Kamelonen i Bergen er konk. Bad stuff, altså, aldri meir forbi […]