Comeback for Atomic Swing

Atomic Swing var store på nittitalet og debutalbumet "A car crash in the blue" frå 1993 selde 90 000 i Sverige. No er dei tilbake utan at eg har fått det med meg. Er informasjonsstraumen om sumaren heilt tørr, eller er ikkje dette stoff for aviser og radio? Dei har i allefall sluppe eit nytt album, "The broken Habanas", og to singlar, "The Flasher" og "So Mystifying". Dei spelte også gratis (sic) på Mono i Oslo 1. august. Fredag 1. september er dei i Studentenes Hus i Oslo og laurdag 2. september spelar dei i Bodø på Parken-festivalen.

Sjå også

Ein kommentar

  1. Proletaren
    Posted 30. august, 2006 at 17:33 | Permalink

    Adressavisa har som einaste avis til no meld plata til Atomic Swing og dei gjev terningkast fire. Noko eg kan vere samd i. Fekk plata i posten i dag og har høyrd igjennom ein gong.