Nytt år – nye overskrifter

Medan andre skyter opp raketter og drikk champagne sit eg på sjukehuset og ventar på dei som blir truffe av rakettane og/eller drikk for mykje champagne. Til no har det ikkje kome nokre av dei sistnemnde, så eg har god tid til å lese dei første overskriftene i nettavisene i det nye året.

Og Firda startar såpass bra at det må distribuerast vidare til dei av Doktor Munk sine lesarar som ikkje vanlegvis er innom nettsidene til verdas største nynorskavis.

Nr. 1: Inndrog øks frå Nachspiel i Høyanger:

HØYANGER: Politiet fekk natt til søndag melding om eit påstått trugsmål med øks, etter eit nachspiel i Høyanger. Øksa det gjeld er inndregen, men det skal enno ikkje vere klarlagt kva som faktisk har gått føre seg.

- Slike meldingar blir uansett teke alvorleg og følgt opp, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Nr. 2 Sette fyr på juletreet

Politi, brannvern og ambulanse i Eid rykte ut natt til søndag, etter at ein mann hadde sett fyr på juletreet sitt.

Mannen var rusa, og vart teken hand om av politiet til han hadde sove rusen av seg. Deretter vart han dimittert frå politiets varetekt, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.

Nr 3: Gjekk laus på politibil og politibil-leikehytte

Ein eller fleire ukjende personar brende natt til søndag ned ei politibil-liknande leikehytte i ein barnehage i Vik, og gjorde samstundes hærverk på ein ekte politibil som stod parkert i Vik sentrum.

- Det verkar som nokon har hatt aggresjon i deg, og det kan sjå ut som den til dels kan ha vore retta mot vår etat, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet skal seinare avhøyre vitne i saka, og har god tru på oppklaring, ikkje minst sidan Vik er eit oversiktleg og vanlegvis svært roleg lokalsamfunn.

Leikehytta som var forma som ein politibil skal ha blitt heilt øydelagd av brannen. På politibilen som vart nytta av vakthavande polititenestemann er det rive av eit skilt, og ein vindusviskar er bøygd.

Sjå også