Carl Frode Tiller: Bipersonar

Carl Frode Tiller imponerar med sterke personskildringar og psykologisk innsikt, men han kjem ikkje heilt i mål med andreboka si.

Bipersonar
Roman
Aschehoug, 2003
332 sider.

I Bipersonar møter vi eit spanande persongalleri som forfattaren skildrar på ein førebiletleg måte. Personane framstår med eigne, tydelege personlegdomar og sine heilt særeigne måtar å fortelje på. Fem av personane vekslar på å føre ordet. I sentrum for handlinga står musikaren Thomas Isaksen, som ikkje får sleppe til som forteljar. Kven som er hovudpersonen, og kven som er bipersonar er eit ope spørsmål.

Historia startar idet kona til Thomas er på sjukehus etter å ha vorte råka av uhelbredeleg sjukdom. Thomas freistar å stifte ny familie med ei ny kvinne, noko eldstesonen Kjell har svært vanskeleg for å akseptere. Men dette er berre blåbær mot det som seinare skal komme til å råke familien Isaksen.

Det er nokre særtrekk som går att hjå personane i denne boka. Dei er knuga av tragedier, sin eigen psyke og/eller personar som står dei nær. Det gjer at dei (opplever at dei?) har svært lite handlingsrom, og få synlege utvegar ut av det uføret dei er i. Dei kjenner seg med andre ord som bipersonar i sine eigne liv.

Dei skaffar seg eit visst albogerom ved å gå inn i ulike roller. Heilt i starten av boka kjem Kjell heim til eit hus fullt av framande musikarar som sit i stova og øver saman med far. For å skjule sin sjenanse latar Kjell som han er illsint. Dette les vi som ein typisk handlemåte for ein barn, men skodespel er noko som går att gjennom heile teksten. Bror til Thomas, Ivar hamnar i skvis mellom kona og mora, og opptrer med heilt ulike personlegdomar overfor dei to kvinnene. Det fører til at han viklar seg endå djupare inn i problema. For yngstesonen, Peter, får det ein langt meir tragisk utgong då han freistar å vere den personen han trur at foreldra vil at han skal vere.

Eit sentralt motiv i boka er samvit, eller soning og straff om du vil. Mykje av handlingane til personane vi møter kan forklarast ut frå eit behov for å gjere opp for dårleg samvit.

Tiller disponerar teksten klokt, held tilbake informasjon, og porsjonerar den ut slik at boka får ei stadig stigane spaningskurve. Norke parti av teksten grip skikkeleg tak i meg. Personane til Tiller er skildra så nyansert og truverdig at eg verkeleg bryr meg om korleis det går med dei. Andre parti er klart svakare. Nokre stader er det litt for lett å lese kva forfattaren meiner om romanpersonane. Det gjeld særleg i tilhøvet mellom levemannen Thoman og den djupt religiøse broren Ivar.

På eit tidspunkt i teksten dukkar forfattaren sjølv opp. Det er eit ikkje heilt originalt grep, og her er det dessutan ikkje heilt vellukka. Forfattaren kommenterer sin eigen skriveprosess, og kommuniserer med sine eigne romanpersonar. Det blir litt mykje babling, og det heile verkar litt kunstig og utanpåklistra.

I sum har vi å gjere med ein roman der enkelte av delane er framifrå og heilskapen er ganske god. Carl Frode Tiller debuterte med Skråninga i 2001, ei bok han fekk strålande kritikkar, samt Tarjei Vesaas' debutantpris for.

Sjå også