Dokumentarfilm, andre del

d
Det vart litt mykje mykje krig og USA-kritikk sist, så i denne bunken har musikkdokumentarane og biografiane fått større plass. Men det er ikkje fritt for at det er ein del elende her òg. Her er andre del i min triologi om dokumentarfilm.

The U.S vs John Lennon, 6.1
Då John Lennon for alvor byrja fredsengasjementet sitt i USA, kom han snart i søkelyset til Nixon-administrasjonen. Telefonavlytting og forfølging var ikkje nok, så etter kvart vart Lennon truga med deportasjon. Filmen tek for det meste for seg Lennon som litt naiv fredsaktivist, men freistar og å seie noko om det amerikanske demokratiet. Med kommentarar frå folk som Walter Cronkite og Noam Chomsky trekkjer ein parallellar frå Nixon sitt vanstyre til Geogre W. Bush sitt, og spør kva patriotisme eigentleg er. Som alt anna i filmen blir dette litt overflatisk behandla.
USA 2006, 96 min.

Festival express, 7.1

Sommaren 1970 reiste ei gruppe med høgt profilerte musikarar på turnè i eit privat tog tvers gjennom Canada. Festival express dokumenterar både konsertane og livet ombord i toget. Medvirkande er mellom andre The Grateful dead, The flying burrito brothers, Janis Joplin og The Band. Mesteparten av filmen er via til konsertopptak, og vi får servert låtane i sin heilskap. Med så sterke artistar på laget, er det eit bra konsept. Elles er det morosamt å sjå kor opptekne folk var av å protestere før i tida. Ved fleire av konsertstadane blir det opptøyer fordi det ikkje er gratis å komme inn.
USA 2003, 90 min.

Bukowski: born into this, 7.5
Interessant portrett som skildrar kunstnaren og levemannen Charles Bukowski. Materialet består av intervju med vener, kjærestar og eks-koner, og arkivmateriale frå ymse intervju som forfattaren gjorde med tv-stasjonar. Sværast er det når Bukowski sjølv er i linsa, for han framstår akkurat slik vi kjenner han frå bøkene: vulgær, direkte, velformulert, deterministisk og humoristisk. Og med Bukowski verkar det som om det er liten skilnad på det å skrive poesi og det å snakke. Som når ein reportar spør: What’s your definition of love? , og Bukowski svarar: Love?...its’s kind of like, you know, when you see a fog in the morning when you wake up, before the sun comes out, it sticks there a little while, then it burns away.
USA 2003, 130 min.

Darwin’s nightmare, 7.6
Gravalvorleg film om livet i ein landsby ved Viktoriasjøen. Dei sveltande innbyggjarane klamrar seg til livet så godt dei kan - et fiskeavfall med makk, prostituerar seg og sniffar lim. Dette medan store lastefly stadig tek av frå landsbyen, fullasta med fisk som skal til Europa. To millionar europearar et fisk frå innsjøen kvar dag får vi vite. Spørsmålet som filmen stadig stiller er kva afrikanarane får tilbake, for at det ikkje er pengar er tydeleg. Etter kvart kjem det fram at flya er lasta med våpen når dei landar i landsbyen - våpen som skal vidare til Kongo, Liberia, Sudan eller andre konfliktområde i Afrika. Ved å syne fram dei miserable liva til folka i landsbyen, men utan å vere eksplisitt, seier filmen mykje om kva som hindrar verkeleg framgong for Afrika. Darwin’s nightmare er ein tenkevekkjande film, som ein blir i skikkeleg dårleg humør av å sjå.
Austerrike/Belgia/Frankrike/Canada/Finland/Sverige 2004, 107 min.

The white diamond, 7.7
Dr. Graham Dorington er ein sjarmerande eventyrar som set seg føre å byggje eit luftskip som skal brukast til ein risikabel ekspedisjon i regnskogen i Guyana. Regissør Werner Herzog er ein brilliant historieforteljar, og han får maksimalt ut av forløpet - men det er diverre ikkje nok i dette høvet. I mangel på verkeleg dramatikk, konstruerar Herzog situasjonar. Av og til lukkast han i å skape magi, men andre gonger fell han fullstendig gjennom. Etter kvart som lufta bokstavleg talt går ut av ballongen, tek historia alle mogelege retningar. Filmen gjev deg lyst til å sjå meir av Werner Herzog, for hans genialitet skin klårt og tydeleg gjennom det litt mislukka forsøket som dette strengt tatt er.
Tyskland/USA 2004, 90 min.

The devil came on horseback, 7.8
Marinekaptein Brian Steidle reiser til Sudan som observatør, og hamnar snart i Darfur. Der blir han vitne til folkemord på nært hald. Første del av filmen dokumenterar den grusomme nedslaktinga, sett gjennom augo til Steidle. Då han kun er utstyrt med kamera, er det lite han kan gjere med situsjonen, så han bestemmer seg for å reise attende og ta opp kampen på heimebane. Vi følgjer Steidle rundt om i USA, der han held føredrag og talar, og freistar å påverke politikarane. På sitt beste er filmen veldig gripande, men andre gongar står han litt i stampe. Uavhengig av kvaliteten, sit ein att med ei kjensle av at dette er ein film som absolutt alle bør sjå. Men nokre av bileta i filmen av det slaget ein helst vil gløyme.
USA 2007, 85 min.

My architect, 8.1
Den verdskjende arkitekten Louis I. Kahn døyde på toalettet på ein togstasjon i New York i 1974. I passet var adressa mystisk nok tusja over - ellers etterlot han seg mellom anna gjeld til oppetter øyra, og to born frå to forhold utanfor ekteskapet. Sonen Nathaniel fekk aldri sjansen til å bli skikkeleg kjend med faren medan han var i live, men med My architect, som han er regissør for - og hovudperson i, gjer han eit heilhjarta forsøk. Her reiser han rundt om i verda, besøker bygga som faren har teikna, og pratar med arkitekten sine kvinner, kollegaer og vener. Resultatet er ein velkomponert og rørande film om famile, ansvar og det å finne sin veg i livet.
USA 2003, 116 min.

The Devil and Daniel Johnston, 8.2
Meir enn ein musikkdokumentar om den talentfulle låtskrivaren og artisten Daniel Johnston, er dette eit intimt og mange gonger trist portrett av ein manisk-depressiv mann. Vi kjem ubehageleg nært inn på Daniel Johnston, og føgjer hans mange opp- og nedturar. Ein del av materialet består av svært personlege lydbandopptak som Johnston sjølv spelte inn, og av og til balanserar filmskaparane på ei tynn line når det gjeld å la ein utilregneleg mann utlevere seg sjølv. Bra film blir det uansett, når så unikt materiale blir disponert på ein så førebiletleg måte, og det skin tross alt gjennom at det er respekt som ligg i botnen.
USA 2005, 110 min.

Andy Warhol, A documentary film, 8.5
I ein oppslukande film, tek regissør Ric Burns for seg karriera og livet til legendenariske Andy Warhol frå den spede byrjinga i Pittsburgh til slutten på glansdagane i New York, nesten seksti år seinare. Filmen vekslar mellom ekspertkommentarar og eit fantastisk arkivmateriale, som syner fram det kreative miljøet i New York på både godt og vondt. Miljøet rundt Warhol bestod av ei interessant og svært samansett gruppe med folk: transvestittar, bohemar, hollywoodkjendisar og musikarar som til dømes Lou Reed, Brian Jones og Mick Jagger. Eit sentralt tema i filmen er Andy Warhol sine mange demonar, og korleis han kjempa mot dei eit heilt liv. Ric Burns klarar på meisterleg vis å komme bak maska til Warhol, og lagar eit portrett av ein usikker og djupt plaga mann som aldri klarte å finne seg heilt til rette i denne verda.
USA 2006, 240 min.

Jonestown: The life and death of the peoples temple, 9.0
Historia om Jonestown er nesten for utruleg til å vere sann, og sjølv om ein veit utfallet blir ein berre sitjande å måpe når ho blir rulla opp på skjermen. Predikanten Jim Jones hadde ein draum om eit ideelt samfunn basert på rettferd og likeverd. På syttitalet bygde han samfunnet sitt saman med ein stadig aukande og meir lojal tilhengjarskare. 1978 fekk utopien ein dramatisk slutt i jungelen i Guyana, då 909 av medlemmene i the peoples temple tok sitt eige liv. Fem av medlemmene klarte å rømme frå åstaden og dei ser attende på hendingane i filmen. Regissør Stanley Nelson freistar å forstå Jim Jones og alle dei som forlot familiane og liva sine, men det lukkast han berre delvis med. Uansett er historia glitrande fortalt, og så sterk i seg sjølv at resultatet er svært bra. Som det heiter i ein song frå 1994: Sometimes truth is stranger than fiction.
USA 2006, 86 min.

6 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 9. mars, 2008 at 15:04 | Permalink

    Endeleg var del 2 her! Imponerande! Eg skal printe ut desse listene, laminere dei og ta dei med meg neste gong eg skal leige film.

  2. snorreb
    Posted 9. mars, 2008 at 15:19 | Permalink

    Endeleg del 2:)Problemet er at du ikkje får leigd så mange av desse leiv. Eit lite hjertesukk. Det er elendig distrubusjon av dokumentarar. kor fann du alle desse filmane bård? Eg er nøgd med endeleg å fått spora opp den glimrande dokumentarserien "the staircase" fra eit distrubusjonsselskap i los angeles.. Ellers er eg i ventemodus for tida.. Ane brun si changing of the season kjem mandag og the wire s4 kjem onsdag. Innepåske!

  3. Proletaren
    Posted 9. mars, 2008 at 16:04 | Permalink

    Ok, kanskje eg er ein lauk, men kva tyder tala bak filmtitlane? Er det poeng? I så fall kor mange auge er det på terningane du nyttar?

  4. baardemannen
    Posted 9. mars, 2008 at 16:55 | Permalink

    Det er poeng ja. Sånne terningar med ti sider der kvar side er delt i desimalar. (spøk)

  5. Proletaren
    Posted 9. mars, 2008 at 17:58 | Permalink

    Nyttar du heile skalaen? Har du nokonsinne gjeve ein film 1?

  6. Posted 9. mars, 2008 at 18:06 | Permalink

    Grunnen til at poengsummane ligg så høgt er at eg har drive temmeleg omfattande research før eg har bestemt meg for kva filmar eg skal sjå. Og så har det vore ein sju-åtte som eg ikkje har orka å sjå ferdig likevel, og dei har eg ikkje skrive om.