31. oktober, 2008 – 11:00
Noko av det aller mest positive med finanskrisa er at eigedomsmeklarane er blant dei som sliter hardast. Notar må kunne seiast å vere av dei aller verste, difor blir nyheten om at Notar sparker 100 ansatte motteken med ein stor grad av skadefryd. Ikkje berre skadefryd; eg føler ekte glede!
27. oktober, 2008 – 00:24
Det går nedover med krona, men vi har endå eit stykke att. Fleire sedlar frå Zimbabwe.
24. oktober, 2008 – 21:17
Roland Mühler har tatt nokre flotte bilete av bekkalokk (eller kumlokk som folk flest seier). Fleire godtbitar på Roland sine sider. Meir om Opp av bekkalokket.
23. oktober, 2008 – 19:54
Her følgjer eit intervju det tyske metall-magasinet Rock Hard gjorde med norges desidert mest humoristiske metall-mann Gylve Fenris Nagell (tidl. Leif Nagell) aka Fenriz. Ein slager. Take me to your Fenriz har meir småstoff.
18. oktober, 2008 – 01:07
Sekstitalshelten Bob Dylan har markert seg sterkt i moderne tid med platene Time out of mind, Love and Theft og Modern times. Tell tale signs er åttande plate i bootleg-serien. Plata har 27 spor med overskotsmateriale frå perioden 1989 - 2006. Noko er alternative versjonar av innspelte låtar frå perioden, og noko er låtar som […]
12. oktober, 2008 – 23:15
– Det er klart at regulering og kontroll må være på plass i den virkelige verden. Per Sandberg, Fremskrittspartiet. Sandberg uttaler dette til ABCnyheter i dag, som ein kommentar til eit punkt i Frp sitt handlingsprogram som slår fast at "regulering fra myndighetene burde i prinsippet være overflødig i en fri økonomi".
Verdas lærardag vart innstifta av UNESCO i 1994 for å understreke kor viktig det er å verdsetje og byggje opp under læraren sin status. I dag er dagen då du kan gje ein lærar ein klem utan å vere redd for å vere for sentimental. http://5oct.org/
Onsdag er det klart for den andre tv-debatten mellom Obama og McCain. Den vil nok ikkje by på like morosame scener som denne mellom Kerry og Bush, men spanande blir det uansett.
I dag norsk tid måtte songstjerna Hanne Krogh sjå seg slått i dansetevlinga Skal vi danse?. Men den tidlegare Bobbysocks - legenda er storsinna i sine kommentarar til pressa. "Jeg synes det hadde vært forferdelig hvis Lene Alexandra hadde røket ut i dag" , sa Hanne Krogh i eit intervju rett etter fadesen. Og vidare: […]
Det ballar på seg. Vart tipsa om Marissa Nadler av Hvrd for nokre veker sidan, og oppdaga denne coveren av ein av min favorittsongar på den siste plata hennar. I kveld var musikkvideoen plutseleg på Pitchfork. Nydeleg stemme og strålande versjon av ein strålande song. Marissa Nadler - Famous Blue Raincoat from Greg Eggebeen on […]