Ny helg – nok ein gladnyhet

Eg hadde satt meg som mål at mitt neste innlegg på ufjelg ikkje skulle handle om finans, men det er ikkje lett å halde det løftet når ein vaknar opp til ei slik fantastisk overskrift:

Notar klarer ikke betale ut lønn

Meglarane sliter hardt om dagen. På mandag kjem det ny statistikk frå NEF. NEF klarte å manipulere med tal og grafer i nesten eit år, men no er nedgangen i bustadprisar og salgstakt så stor at det ikkje nyttar å lure folk til å tru at bustadprisane alltid vil stige. Som ein konsekvens har folk har slutta å handle leiligheter på impuls og til spekulasjon, noko som sjølvsagt får mykje å seie for provisjonen til meklarane. Det vert difor lansert nye forslag til korleis dei kan klare å halde inntjeninga si på eit nivå som gjer at dei framleis kan klare å finansiere sitt forbruk av SUV, breie slips og hårgele:

Det kan bli dobbelt så dyrt å selge boligen din

Stoltenberg meiner at finanskrisa er: - Mitt livs utfordring.

Det skal ikke stå på penger, lover statsminister Jens Stoltenberg.

Vel, det er ikkje sikkert det er penger som er løysinga. Sidan det er helg og det nærmar seg jul skal eg kome med eit gratis og enkelt råd: Opphev meklarkjedene sitt monopol på annonsering av bustader på Finn.no. Å la folk få lov å selge bustadane sine sjølv vil sjølvsagt ikkje løyse alt, men er det noko økonomien vår iallefall ikkje treng er det sleipe, fordyrande, unødvendige og prispressande eigedomsmeklarar.

Sjå også

10 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 28. november, 2008 at 15:49 | Permalink

    Snakkar om sola...

    Det ser ut som om det endeleg har dukka opp eit alternativ til dei som ønskjer å selge bustad på eigenhand.

    http://www.surf.no/

  2. Posted 28. november, 2008 at 18:34 | Permalink

    Ei vanleg følgje av finanskriser er aukande kriminalitet. Eit grelt døme på dette hørte vi frå Danmark i dag:

    http://www.vg.no/nyheter/utrolige-historier/artikkel.php?artid=554941

    Journalisten tek forøvrig feil når han hevdar at dette er eit nytt triks; denne dama stakk av med ei heilflaske vodka frå meg under Roskilde-festivalen i 1996.

    I Uganda ser vi endå eit utslag av desperasjonen som no sprer seg i kjølvatnet av krisa:

    http://www.vg.no/reise/artikkel.php?artid=554957

  3. snorreb
    Posted 28. november, 2008 at 22:56 | Permalink

    hehe

  4. hvrd
    Posted 2. desember, 2008 at 07:49 | Permalink

    Her er forresten eit gratis hefte med info om boligkrisen.

    Informasjonsheftet er sammensatt av meg, med notater fra egen erfaring og mye informasjon fra diverse internettsider som omhandler boliginvesteringer.

  5. hvrd
    Posted 2. desember, 2008 at 08:19 | Permalink

    Og no ser det ut til at Notar verkeleg er te kniss i drid.

    Markedet er helt borte og vi har problemer med å sikre driften

  6. drleiv
    Posted 3. desember, 2008 at 19:54 | Permalink

    Å lese nyheter om Notar er for tida som å opne luker i ein julekalender av ypperste kvalitet: ein veit det ligg ei gåve og ventar, likevel vert ein overraskande glad over å få det stadfesta.

    Heldigvis driv Notar med ei form for seigpining, slik at det i første omgang var nokre kontor som overlevde. Dei gjenlevande kontora har sjølvsagt ingen framtid, noko som gjer at vi er sikra meir glede i tida framover.

    Enkelte meklarar har allereie stått fram i avisene og klaga si nød:

    http://www.dn.no/eiendom/article1554033.ece

    Eg håper ingen biter på. Notar representerte det verste av det verste i ein bransje som ikkje fortenar noko som helst sympati. Eigendomsmeklarar har vokse seg stor og feite på å tilby tenester vi ikkje trenger. Som tidlegare nemnt i denne tråden ligg mykje av deira eksistensgrunnlag i at dei har monopol på å legge ut bustader på Finn.no. I tillegg har dei ei stor grad av "æren" for å ha blåst opp boligbobla (som rettferdig nok drar med seg store deler meklarbransjen når den no har sprukke).

    Om nokon likevel skulle føle ein snev av sympati med folk som misser "jobben" rett før jul er det på sin plass å minne om kven desse meklarane faktisk er:

    http://www.vg.no/nyheter/bolig/artikkel.php?artid=138615

  7. snorreb
    Posted 9. desember, 2008 at 16:05 | Permalink

    Godt staten hjelp bankane å bli kvitt lån dei nok i etterpåklokskapens lys skulle ønske dei ikkje hadde gitt..

    Men igjen, kem kunne tru dette skulle gå galt?

    http://www.dn.no/eiendom/bolig/article1559430.ece?jgo=c1_re_right_1

    http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hedmark_og_oppland/1.6336022

    Your tax dollars at work, som dei seier i Amerika.

  8. drleiv
    Posted 16. januar, 2009 at 15:44 | Permalink

    Som antatt ville Notar si seigpining berre gjere at gleden ville vare lengre:

    "18 konkurser torsdag - hvorav to nye i Notar"

    http://www.hegnar.no/okonomi/article354633.ece

    Ikkje alle meklarar gjer det like dårleg som Notar sine ansatte. Hegnar skriv idag om ein som dro inn ein halv million på to veker.

    http://www.hegnar.no/eiendom/article354466.ece

    Dette kan synast i overkant mykje, men som vi kan lese i artikkelen, krever så høg lønn også høg innsats:

    "Jeg tok ikke én dag fri i julen, og annonserte de første boligene allerede på nyttårsaften. Det var viktig å være tidlig ute, sier megleren."

    Eg jobba også i jula, på dagar alle andre hadde fri. Ja, til og med om natta! Reknar med at neste lønsslipp gjenspeiler dette med eit par hundre tusen i kompensasjon.

  9. drleiv
    Posted 22. februar, 2009 at 12:36 | Permalink

    Ny Notar konkurs:

    http://www.hegnar.no/okonomi/article360843.ece

  10. drleiv
    Posted 9. september, 2009 at 22:22 | Permalink

    Bustadprisane tikkar stadig oppover, men idag kom det ei nyhet som får meklarane til å sette champagnen i vrangstrupen:

    http://www.dn.no/eiendom/article1738740.ece

    Dette er genialt!