Krisepakkane virkar ikkje!

Dow Jones var i løpet av fredagen ned på sitt lavaste nivå sidan 1997. Oslo Børs stuper også ned mot 200-grensa, og falt fredag med over 5 %. Dette til tross for all verdas redningspakker!

Vi som har fulgt med på bloggen Krakk! dei siste åra er ikkje overraska. Forfattaren Buffet spådde finanskrisa lenge før den slo til, og det er stas å ha funne denne kjelda til fornuftig og opplysande innlegg om verdsøkonomien. Etter ein taus månad har han endeleg posta eit nytt innlegg, og eg vil anbefale alle å lese det. I innlegget er det linkar til nokre postar på Mish sin blogg. Det er ganske tungt stoff, men sjølv om ein ikkje forstår alt, er det uansett enormt mykje meir gjevande enn å lese "finansekspertane" dagleg forklare at no er aksjane på billeg salg.

Apropos aksjer; i kommentarfeltet under innlegget til Buffet er det ein som skriv om sin geniale investeringsstrategi:

"Forøvrig fant jeg ut at jeg skulle lage en portefølje på www.euroinvestor.no med en totalt idiotsikker investeringsstrategi. Å lese DnBNOR Markets ukerapporter når de anbefalte noe og gjøre det eksakt motsatte. Jeg la opp et løp som jeg hadde vært villig til å sette penger på og mikset og matchet litt, men porteføljen var opp 127% inntil i dag.
Konkurranse for Terra Jan?"

Sjå også

2 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 23. februar, 2009 at 23:02 | Permalink

    Redningspakkane haglar og børsen styrtar, men det finnast heldigvis ekspertar som kan fortelle oss at det snart snur:

    http://www.dn.no/forsiden/borsMarked/article1616290.ece?jgo=c1_re_left_20

    Det mest interessante med denne artikkelen er kanskje diskusjonen blant lesarane. Det er mange som har gjennomskua bankane!

    Men å vere gamal nok til å ha opplevd minst ei jappetid tidlegare er tydelegvis ikkje alltid nok. Det kan nok denne karen skrive under på:

    http://www.dn.no/privatokonomi/article1611689.ece?WT.svl=article_title&jgo=

    Om nokon framleis skulle vere i tvil om at desse "finansekspertane" ikkje har ein agenda, passar det å trekke fram eit av mange historiske innlegg:

    http://www.dn.no/forsiden/borsMarked/article1569929.ece?jgo=most_read&WT.svl=sistlest

    Den notoriske boble-økonomen Jan L. Andreassen aka Terra-Jan aka Landsbanki-Jan aka-"rentene-vil-aldri-gå-oppover-mer"-Jan har ikkje fått rett i ein einaste "spådom". Når ein tar så notorisk feil må ein spørre seg om han eigentleg seier det han trur kjem til å skje, eller om han seier det som arbeidsgjevaren hans ønskjer at lesarane til DN skal tru vil skje. Det er uansett slett journalistikk å stadig intervjue ein "ekspert" som aldri er i nærleiken av ei fornuftig forklaring.

    Sidan DN er ei økonomiavis burde ein kunne forvente meir. Men å forvente at våre politikarar skal klare å sjå dei store linjene i denne finanskrisa er vel alt for mykje forlangt. Difor må ein vel berre akseptere at Slyngstad i oljefondet framleis dyttar våre oljepengar ned i det store svarte aksjeholet. På same måte må ein vel akseptere at det ikkje finnast ei grense for kor mange milliardar regjeringa skal gje til bankane får dei byrjar å spørre seg kva nasjonen eigentleg får igjen for denne sponsinga.

    Eg siterer ein av Krakk! sine lesarar:

    "Jeg er redd man dessverre må trekke denne konklusjonen:
    Staten har ingen betenkligheter med å kaste de mer sindige og avsvarlige menneskene over bord.
    Det uansvarlige flertall er derimot ofre og dem man må selvfølgelig forsøke å redde.
    Med andre ord - man må kjøpe flertallet blant velgermassen.

    Nei, det er bare å begynne å snyte på skatten. Slutt å oppføre deg som en medborger som tar ansvar.
    Lær dine barn å ikke tenke på andre - fokuser på å forbruke alt du kommer over og karre til deg det som faller på din sti.

    En ting er å ikke få lønn for å vise ansvar og måteholdenhet.
    Det kan man ikke forvente.
    Men å bli rævpult..."

  2. drleiv
    Posted 27. februar, 2009 at 22:21 | Permalink

    http://www.dn.no/forsiden/politikkSamfunn/article1620548.ece