Din fiendes fiende er din venn

Som kjent er det ikkje alle som er like glade i eigedomsmeklarar, men no viser det seg at heller ikkje eigedomsmeklarane likar alle like godt. Spesielt dårleg likt er enkelte professorar frå Norges Handelshøyskole.

Professor Ola Grytten blir altså skulda for å vere så negativ at meklarane meiner han "snakker ned verdien av aksjer og boliger". Leiaren i Norges Eiendomsmeglerforbund, Christian Dreyer, er drittlei desse negative spådommane. Grytten må holde kjeft, og grunngjevinga er så fantastisk at den fortener å bli sitert ordrett:

- Jeg har reagert på at Ola H. Grytten og mange av hans kolleger på Norges Handelshøyskole mener veldig mye om mye uten å vite hvordan ting oppleves i hverdagen av andre utenfor kontorene på høyskolen. Han har vært dommedagsprofet lenge. Men ikke en gang den tidligere sentralbanksjefen i USA forutså finanskrisen, sier Christian Dreyer, leder i Norges Eiendomsmeglerforbund.

At den tidlegare sentralbanksjefen i USA, Alan Greenspan, ikkje forutsåg finanskrisa er kanskje ikkje så rart i.o.m. at han var svært delaktig i å forårsake den! Når historikarane skal nøste opp i kva som forårsaka "2008-krakket" blir det vanskeleg å kome utanom Greenspan si klokketru på den frie marknaden, hans store (og suksessrike!) innsats med å overtyde politikarane til å gå vekk i frå ein kvar form for regulering og ikkje minst hans genistrek med å sette rentene ned til historiske lave nivå.

Grytten var derimot ein av dei som såg finanskrisa kome, jmf intervju i DN 09.06.2007: - Jeg tror vi er i en boble.

I dagens DN kan ein lese at Dreyer er ikkje imponert av den slags:

Dreyer sier til DN at han heller synes Grytten skal utestenges fra den offentlige debatt om han kommer med for mange dumme ting, enn å kaste ham ut fra boligvisninger, da det jo kan være han skal handle bolig en gang.

Eg innrømmer at eg ikkje likar eigedomsmeklarar, men eg synast det seier ganske så mykje om denne "yrkes"-gruppa, når leiaren deira har slike meiningar.

Sjå også