Norsk Bane har kome med nye og fresje sider. Høvet er rapporten frå Deutshe Bahn om høgfartsbaner i Norge. Dei har laga detaljerte analyser og planer for høgfartsbaner mellom Oslo - Trondheim, Bergen, Haugesund og Stavanger.
Rapporten slår fast at utbygging av høgfartsbaner i Sør-Norge, med reisetid på 2,5 timar Oslo - Bergen og Oslo - Trondheim, vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt med ein faktor mellom 2 og 3, over ein periode på 30 år etter fullføring av kvar bane.
Regjeringa legg fram nasjonal transportplan 5. juni. Det er lite som tyder på at regjeringa vil satse noko særleg på høgfartsbaner. Kva må til for at politikarane skal tore å satse på lønsame prosjekt?
3 Kommentarar
Aftenpoften melder i dag om stortingsfleirtall for satsing på høghastigheitsbane i Norge.
Ser fram til den dagen det går lyntog over Atlanteren til New York og Rio. Det jo fullstendig latterlig når fly berre blir borte i lause lufta.
Har du høyrt om Amerika-båten?