Kvakksalvar

Alternativ medisin er i vinden som aldri før. Snåsamannen og hans kolleger vert omfamna og applaudert av politikarar og profilerte samfunnsaktørar. Skepsis er heilt klart på vikande front. Når edruelege folk prøver å argumentere seriøst og vise at healing, homeopati, kinesiologi, etc etc faktisk aldri har vist å ha nokon som helst effekt, er det som motargument nok å kviskre at debattanten tilhøyrer den håplaust gamaldagse og sneversynte sekta "skulemedisin".

Dei enorme framstega medisinen har gjort dei siste hundre åra skuldast nettopp at ein har holdt seg til ein vitenskaplig metode, og skepsis og kritikk har blitt dyrka. Med resultata den kan vise til, er det ganske utruleg at nettopp skepsis vert brukt som eit argument mot skulemedisinen.

Ekstra stygt blir det når aktørane i den alternative medisinen kynisk utnyttar alvorleg sjuke menneske som i sin desperasjon er villig til å prøve alt for å bli friske. Mange brukar alt dei har av pengar og si siste levetid på meiningslaust kvakksalveri av ymse slag.

Det har vorte så trendy med alternativ medisin, at også nokre legar har byrja å akseptere dette. "Vi på sjukehusa får holde på med vårt, og så får homeopatane holde på med sitt. Pasienten får sjølv velge kva som er best". Eg meiner dette er alt for defensivt. Det må vere lov å seie rett ut at alternativ medisin er humbug, og forklare pasientane dette i klare ordelag. Det er viktig at nokon hever fornuftens fane i alt dette snakket om alternativ og helhetlig medisin, og eg vonar legestanden med stolthet tar på seg denne oppgåva. Så lenge vi har medsinar og prosedyrer som faktisk kan helbrede pasientane, får ein leve med merkelappar som "sneversynte, bakstreverske og kjedelege".

I dagens VG kan ein lese eit stygt døme på korleis dei alternative aktørane går fram for å sikre seg kundar. Ein som vert intervjua er den popluæra huslegen i TV2, Bernt Rognlien. Han vert av mange sett på som ein moderne og anerkjent lege, nettopp fordi han er BÅDE lege og homeopat. Kva eg synast om denne yrkes-kombinasjonen kan ein jo gjette seg til.

Sjå også

8 Kommentarar

  1. Kazman
    Posted 10. juni, 2009 at 23:32 | Permalink

    Trass i at skulemedisinen har mykje bra i seg slit ein vel med at ein på ingen måte er ufeilbarleg. Enkelte ting kan ein fint lite om. Omfattande hang til symptombehandling og pushing av medisinar med tunge biverknader er på ingen måte imponerande. Hadde skulemedisinen vore feilfri ville det ikkje ha vore behov for eit alternativ. Eg trur legestanden gjer vel i å komme ned frå den frykteleg høge hesten sin.

  2. Posted 11. juni, 2009 at 03:02 | Permalink

    Eg trur Snåsamannen ber folk om å gå til lege først, og at han ikkje ber folk om pengar direkte. Då er det greitt, synest eg, som ei ekstra trøst for ein som er sjuk. Å ha det bra psykisk kan også gjere ein frisk fortare. Forskning syner at bøn kan fungere slik. Men mykje av den "alternative" medisinen likar eg ikkje - og i alle fall ikkje istaden for skulemedisin.

    Til dømes: Kirstie Alley skreiv på sin Twitter at jo ein skulle høyre både på dei som støtta og var imot vaksiner for born, men at ein skulle hugse "kva for side som tjener pengar på det dei gjer". Hallo! Forskarane som først dikta opp at vaksiner kunne skape autisme var betalde av nokre foreldre som skulle saksøke lekemiddelindustrien for millioner av dollar. Så forskarane juksa. Og dei som har "alternativ" tener millioner av dollar på bøker, homeøpati og anna dill og dall. Apropos Kirstie Alley, så seier Scientologi-"kyrkja" at den kan kurere kreft og all anna sjukdom.

    Kazman:
    Skulemedisinen lærer av sine feil. Av di, skulemedisin og forskning. Nåkre alternativ kan hjelpe, men mykje av den alternative medisinen gjer feil som den ikkje klarer å avdekke sjøl.

  3. korsi
    Posted 15. juni, 2009 at 23:22 | Permalink

    Eg må seie at eg på dette området er litt i opposisjon til drLeiv. Dette er mest på grunn av den generelle haldninga som den tradisjonelle legestanden har til alternative metodar og fenomen som er vanskeleg å forklare ut frå vanlege vitenskaplege argument.

    Grunnen er at eg meiner forskarar og vitenskapsmenn generelt er prinsipielt motstandarar og ikkje mottakelege for observerte fenomen som ikkje kan forklarast ut frå tradisjonelle forklaringsmodellar.

    Eg meiner vitenskapen skal vere open for ting som ein ikkje klarer å forklare (anten det er alternative behandlingsmetodar eller bøying av metallskeier), og nærme seg problemstillingane på ein vitenskapleg måte. I staden blir problemstillingane føysa vekk som humbug i staden for å gå skikkeleg inn med vitenskaplege metodar og på den måten avkrefte eller bekrefte påstandar.

    Problemet er at forskarar som jobbar på dette området, gjer vitenskaplege forsøk og observerer uforklarlege problem, ofte blir utestengt frå det gode selskap og sett på som utskot.

    Det er ingenting i vegen for å drive forskning der ein observerer fenomen ein ikkje klarer å forklare. Så lenge metodane er vitenskaplege så må ein akseptere at slik er det, sjølv om ein ikkje kan forklare det.

    Eg synes dette temaet er ganske interessant. Eg blei interessert i det etter at eg leste Erik Damman si bok "Bak Tid og Rom". Her går Damman inn i eit prosjekt der han prøver å finne vitenskapleg hald mot determinismen. Dvs at mennesket ikkje er ei maskin der alle våre handlingar er styrt av fysiske årsak-verknad-forhold.

    Eg rår alle til å lese denne boka. Spesiellt legar 🙂

  4. drleiv
    Posted 16. juni, 2009 at 01:03 | Permalink

    Den viktigaste eigenskapen til ein forskar er å vere nysgjerrig, og ingenting kan pirre ein forskar meir enn eit overraskande resultat. Eg kan beroliga alle som trur noko anna, at dette også gjeld for medisinske forskarar. Det er ein kvar forskarspire sin draum å finne eit resultat som sparkar grunnen under etablerte ”sanningar”. Dette skjer stadig, og difor vert også medisinsk praksis stadig endra, noko som gjer at vi i dag helbreder lungebetennelse med penicillin istaden for blodigler.

    Men like viktig som nysgjerrighet og openhet for det uventa, er evna til å vere skeptisk. Om ein testar ein ny medisin, og den virkar mykje betre enn forventa, kan det vere tilfeldig? Eller er verkeleg mitt nye produkt den mirakelmedisinen det ser ut til å vere?

    Det blir heilt feil å påstå at skulemedisinen avfeier alt som ikkje kan forklarast som humbug. Ingenting er meir gledeleg enn ein ny metode eller eit preparat! Men mykje av det som skulemedisinen stemplar som humbug, er faktisk humbug. Eit av mine hovudankepunkt mot alternativ medisin er deira motstand mot å teste om teoriane og metodane deira faktisk fungerer. La oss ta homeopati som eit døme:

    Denne behandlingsmetoden vart utvikla av ein tysk lege og farmasøyt som heitte Samuel Hahnemann på slutten av 1700-talet. Hovudtesen er at ”lignende helbreder lignende”. Det heile starta med at Hahnemann vart inspirert av at malaria kunne kurerast med cinchonabark (inneheld kinin). Hjå friske forårasakar cinchonabark feber og Hahnemann meinte at han hadde funne eit viktig medisinsk prinsipp: likt kurerar likt. Dvs om ein har feber, kan denne kurerast med ein stoff som forårsakar feber hos friske. Difor brukar tildømes homeopatane løk (som gjev rennande og sviande auge) for å lindre symptom ved influensa og allergi.

    For å unngå faren med forgiftning byrja etterkvart Hahnemann å tynne ut stoffa han jobba med. Konklusjon var noko overraskande: jo meir han tynna dei ut, jo meir effektiv ville medisinen bli. Dette vart eit heilt sentralt poeng innan homeopatien, og kallast potensiering.

    Det foregår etter følgjande oppskrift:

    • Ta eit stoff og tynn det ut med 99 delar vatn, det blir C1
    • Ta ein del av C1, og blann det med 99 delar vatn, det blir C2
    • Hahnemann fann ut av C30 var ganske effektiv.
    • C30 er altså 1:1000000000000000000000000000000

    Ved ei utblanding større enn C12 er det usannsynleg at det er eit einaste atom igjen av den opprinnelege blandinga. (Hahnemann trudde for øvrig ikkje på atomer.)

    Homeopatane si forklaring på kvifor dette likevel virkar, er at vatnet er i stand til å ”hugse” stoffet det har vore i kontakt med. Risteprosessen er sentral, og det er noko ein lærar på dei ulike homeopatiutdanningane. Til slutt drypper ein litt av den homeopatiske medisinen på ein sukkertablett, som ein kan selge for hundrevis av kroner til helsehungrige folk, på jakt etter eit ”naturlig” alternativ.

    Det høyrest veldig rart ut at homeopati kan virke. Og det gjer det heller ikkje. Det stod ein artikkel om dette i det annerkjente tidsskriftet Lancet i 2005 (Are the clinical effects of homoeopathy placebo effects? Comparative study of placebo-controlled trials of homoeopathy and allopathy The Lancet - Vol. 366, Issue 9487, 27 August 2005, Pages 726-732)

    I denne artikkelen prøvde artikkelforfattarane å samle absolutt alle studier som hadde sett på om homeopati hadde nokon effekt utover placeboe. (Frå Wikipedia: Placeboe-effekten: Dersom et menneske tror at en behandling vil virke på en bestemt måte, kan en få en slik effekt.)

    Dei aller fleste studiane var kjenneteikna av få inkluderte pasientar og dårleg design. Men artikkelforfattarane fant ein del store og seriøse studier som har sett på om homeopati virkar. Konklusjonen er eintydig: HOMEOPATI HAR INGEN EFFEKT UTOVER PLACEBOE!

    Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre homeopati. Generelt sett er dei ulike alternative medisinske retningane svært lite interessert i å teste om metodane deira faktisk virkar. Ein trekker fram enkelthistorier, gjerne basert på oppslag i Se og Hør. ”Fikk dødsdom av legene – helbredet av homeopaten”. Enkelthistorier kan ikkje bevise noko som helst. Det blir som å seie: ”Min grandonkel røykte 30 sigaretter om dagen og vart 100 år, ergo røyking er ufarlig”.

    Likevel går denne type marknadsføring rett heim hjå folk. Og folk må for så vidt få lov til å bruke pengane sine på kva som helst, om det er Vitae Pro, kvantemedisin eller homeopati. Men det blir utruleg stygt når denne bransjen kynisk utnyttar desperate menneske, tildømes pasientar med langtkomen kreft. Eg synast enka til Steinar Lem forklarar dette veldig bra i artikkelen i VG.

    Min harme mot denne bransjen avgrensar seg for øvrig ikkje til deira framstøt mot døyande pasienter, men eg avsluttar min tirade i denne omgang. Eg håper imidlertid på fleire innlegg frå mine meiningsmotstandarar. Dei vil bli besvart med entusiastisk skepsis!

  5. drleiv
    Posted 16. juni, 2009 at 15:43 | Permalink

    Eit par ting til:

    Korsi meiner at: Eg meiner vitenskapen skal vere open for ting som ein ikkje klarer å forklare (anten det er alternative behandlingsmetodar eller bøying av metallskeier), og nærme seg problemstillingane på ein vitenskapleg måte.

    Eg er heilt einig! Men som tidlegare nemnt er alternativ medisin svært lite interessert i denne framgangsmåten. Ekstra provoserande blir det difor når alternativ medisin ”låner” begrep frå naturfaga for på den måten la metodane sine virke meir sannsynlege. Eit grelt døme er den såkalla ”kvantemedisinen”. Frå Wikipedia:

    ”Kvantemedisin er et kontroversielt undersøkelses- og behandlingstilbud som i Norge tilbys i samarbeid med SCIO Norge, med Thomas Aksnes som frontfigur. SCIO Norge forklarer selv kvantemedisin som «læren om kroppens cellekommunikasjon og metoder for å bruke kroppens informasjonssystem til å lese av og gjøre korreksjoner ved hjelp av datastyrt apparatur.»”

    Litt om tilbodet i Noreg kan ein lese om her:

    http://www.amedisin.no/klinikker_norge.php?Terapiform=Kvantemedisin&Stedsnavn=Alle

    Som ein ser nyttar kvantemedisinen ei maskin, og ved hjelp av denne kan ein helbrede det aller meste. OGSÅ uhelbredeleg kreft. Denne maskina fungerer så diffust, og samstundes så fantastisk, at ein berre på det grunnlaget kan konkludere med at det er svindel. Når ein kallar noko ”kvante”-medisin, får ein til å tenke på ”kvante”-fysikk. For folk flest er vel kvante-fysikk berre eit vagt minne frå fysikktimane på gymnaset; ein hugsar ikkje og forstod kanskje aldri kva det dreide seg om, anna enn at det var avansert og på grensa til det fantastiske.

    At kvantemedisinen ”låner” begrep på denne måten er provoserande, for ”kvante-medisin” har sjølvsagt ingenting med kvantefysikk å gjere!

    Om ein har lyst til å lese endå meir om kvantemedisin, kan ein gå inn på heimesidene til den norske importøren. Her kan ein for 133.000 kroner til og med kjøpe si eiga kvante-medisin-maskin!

    http://www.scio.as/shop/product_info.php?products_id=36

  6. drleiv
    Posted 17. juni, 2009 at 12:37 | Permalink

    Denne posten har utvikla seg til å bli ein monolog, og slik sett er det neppe taktisk å komme med endå eit langt innlegg. Men eg kan ikkje dy meg, for eg føler det er mykje som bør oppklarast.

    Korsi anbefalar ei bok av Erik Damman som prøver å motbevise at mennesket er ei maskin. At legar kan skuldast for å tenke på denne måten, kan eg forstå. Men det er no ein gong slik at av og til er det hensiktsmessig å velge ein slik tilnæring i møte med pasientar. Eit døme kan vere slitasjegikt i hoftene som kan føre til heilt invaldiserende smerter. Ved å skifte ut den defekte delen (hofteleddet), forsvinner smertene, og pasienten kan gå omlag som før. Dette er heilt analogt med å skifte ut ein defekt del i ein hvilken som helst (anna) maskin.

    Når det er sagt, trenger eg ikkje å lese boka til Erik Damman for å bli overbevist om at mennesket ikkje utelukkande fungerer på denne måten. Og det er heller ikkje eit slikt menneskesyn som vert undervist på medsinske fakultet, iallefall ikkje i Noreg. At skulemedisinen blir påstått å tenke slik, føles som nok eit slag under beltestaden. Eg meiner det heller er alternative medisinarar som fortener slik kritikk!

    Om ein jobbar i allmennpraksis, blir ein fort klar over at ein stor del av pasientane ikkje har nokon sjukdom i reint medisinsk forstand. Folk er slitne, har vondt i hovudet, magen, beina, er svimle, sover lite, går opp i vekt, ned i vekt, har unger som skriker, sover mykje, sover for lite og så videre og så videre. Pasientene går så til legen for å få ei forklaring på dette, og veldig ofte er det ingen "enkel" forklaring som kreft, svulst, ulcerøs colitt etc.

    Magesmerter er eit fint døme. Frå mi korte karriere i allmennpraksis var det fleire pasientar som kom med denne problemstillinga. Eg hugsar til dømes ei jente i slutten av tenåra som kom på legekontoret med vondt i magen. Ho hadde vore innom med det same fleire gonger tidlegare, og hadde vore grundig undersøkt med CT, gynekologisk tilsyn, rtg, gastroskop, coloskopi etc etc. Ingen av desse undersøkelsene fant noko gale, men pasienten hadde likevel vondt i magen. Eg undersøkte på nytt, og fann ingen teikn til alvorleg sjukdom, og fann heller ingen grunn til å gjere alle undersøkelsene på nytt. Eg forklarte dette til pasienten, men ho var likevel ikkje nøgd, men heller skuffa over at heller ikkje den nye (og usedvanleg kjekke!) turnuslegen klarte å finne ut kva som feilte henne.

    Magesmerter KAN skuldast blindtarmbetennelse, magesår, graviditet, kreft og tusen andre ting, men veldig ofte finner ein ingen forklaring. Sjølv om pasientane gjerne ønskjer ein diagnose, kan vi ikkje lure dei med å dikte opp ei forklaring. Og det er her alternativ medisin kommer inn. For desse pasientane føler ofte at "legen ikkje tar dei på alvor", eller ikkje forstår noko som helst, og det er lett å forstå at ein då blir motivert for å oppsøke ein alternativ medisiner. Som ofte raskt kan stille ein diagnose som at magesmertene skuldast feil i energifelta, vitamin-mangel, celler i ubalanse, sopp, el-allergi og så vidare. Ikkje berre klarar alternativ medisinaren å stille diagnose, han kan også tilby behandling! Homeopati, diverse diettar, magneter el lign, avh av kva for alternativ retning behandlaren tilhøyrer.

    Nokre av desse pasientane kan nok bli betre av slik "behandling", men betyr det at det er riktig at "el-allergi" er forklaringa?

    Nei, sjølvsagt ikkje. Grunnen til at ein kan føle seg betre, er at placeboe-effekten er så sterk, at om ein trur ein blir bra, så blir ein gjerne bra også. I tillegg er det slik at mange diffuse smertelidingar glir over av seg sjølv, slik at ein ville blitt bra uansett kva ein hadde gjort. Som tidlegare nemnt er homeopati bevist at ikkje har nokon effekt, og tilsvarande gjelder nesten heilt sikkert for alle andre former for alternativ medisin. Ein kan difor konkludere med at folk kastar vekk milliardar på behandling som er virkningslaus (i beste fall virkningslaus! Det er fleire døme på at folk har vorte alvorleg skada pga inntak av "naturleg" alternativ medisin, og denne kan eg skrive mykje om). Det er ekstra provoserande å tenkje på at mange av dei som bruker mykje penger på slik humbug, ofte er pasientar som ikkje har alt for god råd. Eg tør påstå at det går temmeleg mange trygdekroner ned i homeopatane sine lommer!

    Avslutningsvis vil eg nok ein gong understreke kor stygt dette blir når pasienten faktisk er sjuk. Eg har sjølv sett fleire tragiske eksempel på at pasienter har gått til homeopat etc. med alvorlege sjukdomar, og difor har blitt forsinka alt for lenge før dei kjem til lege. Som sagt kan magesmerter vere teikn på alvorleg sjukdom, og eit tragisk resultat av at det er meir aksept for alternativ medisin, er at ein del pasientar får diagnosisert til dømes kreft så seint at dei ikkje kan reddast. Det er alvorleg at det kvart år døyr mange pasientar (som kunne ha vorte redda!) i Noreg av t.d brystkreft, pga behandlingsforløpet ar blitt utsatt pga kontakt med alternative medisinarar.

  7. snorreb
    Posted 18. juni, 2009 at 00:52 | Permalink

    Interessant debatt dette! Her er gode argument frå begge leirer. (Er VELDIG enig med Leiv når det gjeld det kyniske profittjaget som preger ein del av denne bransjen jmf Steinar Lem saken)

    Men drleiv;
    Placebo-effekten er ein vitenskapleg dokumentert effekt. Ein kan vel då sei at behandling som oppnår høg placeboeffekt er vitenskapleg korrekt behandling? Og er ikkje det at folk blir friske fordi dei trur dei får behandling ganske så mystisk og alternativt i seg sjølv? Nærmast kvakksalveri? Kva seier eigentleg hippokratane om dette?

  8. drleiv
    Posted 18. juni, 2009 at 11:43 | Permalink

    Placeboe-effekten er potent medisin, og det er absolutt ikkje slik at den ikkje nyttast av legar. Det er nok mykje slike effektar som gjer at pasientar ofte føler seg betre etter ein godt gjennomført legevisitt. At det er mykje helse god pasientkontakt, er jo eit tydeleg bevis på at mennesket fungerer meir avansert enn ei maskin. Men det er viktig å ikkje blande korta her!

    For det blir noko anna når ein gjev ein pasient ein eksakt forklaring på hans lidingar, og samtstundes tilbyr ei behandling som skal kurere "sjukdomen". Og det er her alternativ medisin syndar grovt.

    For å understreke mitt poeng, kan det vere nyttig å forklare kor strengt det er å få registrert eit nytt legemiddel. Legemiddelfirmane har tusenvis av lovande substansar, men det er under 1 promille som til slutt når fram til å bli eit ferdig preparat som dei kan selge. Det er først etter grundig ha testa preparatet for biverknader, det er lov å teste det på mennesker. Men ein er fortsatt langt frå mål. For å få lov til å selge ein ny medisin, er det nemleg eit krav at ein kan vise til effekt i ein såkalla randomisert kontrollert dobbelt blinda studie.

    La oss seie at eg har utvikla ein medisin eg meiner kan kurere lungebetennelse. Eg har fått klarsignal frå myndighetene til å få lov til å teste dette ut på mennesker, og planlegger ein randomisert kontrollert dobbelt blinda studie. I praksis betyr det at eg må finne eit antall (tildømes 1000) pasientar som har sikkert diagnostisert lungebetennelse. Desse pasientane delast i to like grupper. Den eine gruppa får min nye medisin, den andre gruppa får narremedisin (ein virkningslaus sukkertbl). Dei to tablettane er umogleg å sjå forskjell på, så ingen veit kven som får narremedisin og kven som får det nye lovande preparatet. Heller ikkje legen skal vite kven av pasientane som får kva. Det er difor det heiter dobbelt blinda; korkje pasient eller behandlar veit kven som får kva for type tablett. Det er også viktig at det er heilt tilfeldig kven av pasientane som får kva, det er difor det heiter randomisert.

    Når eg har inkludert mine 1000 pasientar kan koden opnast, og ein kan gå tilbake og sjå kven av pasientane som fekk kva. Om det då viser seg at dei pasientane som fekk mitt nye preparat vart friskare enn dei som fekk narremedisin, har eg eit godt utgangspunkt for å gå vidare med å få registrert preparatet.

    Slike krav stillast overhovudet ikkje til alternativ medisinarar. Dei lagar sin eigen forklaring på pasientens symptom, basert på begrep som i aller høgste grad er tvilsomme (el-allergi, energiforstyrrelser, diverse vitamin og sporstoffmanglar etc etc). For behandling av desse diagnosane tilbys pasienten så ein terapi som sjølvsagt ikkje er testa på ein tilsvarande måte som eit legemiddel.

    Placeboe-effekten har vist seg å vere sterkast på diffuse smertelidingar, og det er jo greit å forstå. Om det ikkje er eit strengt definert medisinsk forklaring på t.d. magesmerter (t.d. nyrestein, svulst, magesår etc), er det også mogleg å tenke seg at ein kan bli "frisk" utan ein eksakt og målretta behandling.

    Når folk føler seg betre etter kontakt med alternativ medisinarar, er det altså placeboe-effekten som er forklaringa. Alternativ medisinarane lurar imidlertid pasientane (og kanskje seg sjølv), med eit eksakt begrepsapparat, og ei eksakt behandling. Dette er feil, ikkje berre vitenskapleg, men i høgste grad moralsk.

    Når alternativ medisin i tillegg ofte er dyrt og både direkte og indirekte skadeleg, seier det seg sjølv at ein må slå hardt ned på den stadig aukande aksepten for ikkje dokumenterte alternative behandlingsformer!