Eg forsøker å orientere meg litt i samtidslitteraturen og har difor lese Jon Øystein Flink: Bort med den dagen da Jon ble født, Vidar Sundstøl: Kommandolinjer, og Morten Øen: Øyets trang til mykhet. Eg kjem ikkje til å hugse nokon av desse med glede. Tahar Ben Jelloun: Dette blendende fravær av lys, svarte heller ikkje […]
Førstkommande onsdag kjem sommaren endeleg til vestlandet, og då er det ikkje bortom staur og veggar å drikke utepils i hagen til Pikant i Førde. Særleg dersom ein tenkjer over at ølprisen er vennlegare onsdagar enn andre dagar i veka. Som ein parantes (kan eg nemne at Nathalie N. skal synge inne på Pikant denne […]
Røykarane er endeleg borte frå fergene, men fergefolka er ikkje seine om å kaste seg over ei ny, utsett gruppe. Denne gongen er det dei som nyttar fotballsko innandørs på fergene som får svi for sine laster. Plakaten seier heldigvis ikkje noko om fotballspeling ute på dekk.
Carl Frode Tiller imponerar med sterke personskildringar og psykologisk innsikt, men han kjem ikkje heilt i mål med andreboka si.
Den kjende syngedama Lucinda Williams skal halde konsert i Glasgow 27.juli i år, og det finst framleis ledige billettar her. Eg er uansett i Storbritania på den tida, og det er godt mogeleg at eg er i nettop Glasgow. Dersom du tilfeldigvis har lyst til å vere med på denne konserten, hadde det vore heilt […]
Debutromanen til smelteverksarbeidarsonen Lars Ove Seljestad frå Odda er både spanande, velfortalt og vond å lese. Blind er eit oppsiktsvekkande godt debutarbeid.
30. november, 2004 – 10:01
Bjørn Hansen er 50 år og lever eit tilsynelatande normalt liv som kemner i Kongsvinger. Frå utsida framstår han som relativt vellukka, men i sitt indre blir han stadig meir desillusjonert. Dag Solstad sin roman frå 1992 er mørk og pessimistisk. Den representerer det aller fremste av forfattarskapen til Solstad, og difor det fremste av […]