Lars Ove Seljestad: Blind

Debutromanen til smelteverksarbeidarsonen Lars Ove Seljestad frå Odda er både spanande, velfortalt og vond å lese. Blind er eit oppsiktsvekkande godt debutarbeid.

Blind
Roman
Cappelen, 2005
243 sider

Er det mogeleg å skape sitt eige liv uavhengig av kven ein er og kvar ein kjem frå? Korleis verkar tyngda av alle forventningane som omgjev oss? Desse spørsmåla tenkjer eg meg at Lars Ove Seljestad har pusla med før han skreiv boka Blind.

Allereie i den første setninga set Seljestad standarden: Geir Kinsarvik sjagar oppover Ostertorsteinweg og ønsker at han kunne bli ramma av blind vold. Geir Kinsarvik uttrykkjer dette ønsket førti år gamal, som juniorprofessor i Bremen. I resten av boka får vi rulla opp dei skjelsetjande hendingane i hovudpersonen sitt liv, alt det som har fått han til å resignere fullstendig.

Det heilt sentrale motivet i boka til Seljestad er motsetnaden mellom det individuelle og det kollektive. I verda til den unge Geir Kinsarvik er det klare reglar som gjeld. Oddingar som er ferdige med ungdomsskulen skal gå gradene på smelteverket, dei må ikkje komme her og tru dei er betre enn andre. Kinsarvik kjem frå ein familie med smelteverksarbeidarar i fire generasjonar, noko faren til Geir ikkje unnlet å gjere merksam på. Her følger eit kort utdrag:

Eg synst det er tragisk at du er blitt skuleflink. Det var den tristaste dagen i mitt liv då eg kom på konferansetime på ungdomsskulen og forstod at du var klassens duks. At du var yndlingseleven til læraren. Eg hadde venta meg noe bedre av deg. Eg hadde forventa at du skulle plassera deg midt i klassen.

Geir kinsarvik slit lenge med å vite om han er i stand til bryte med alt familien står for, og alle forventningane som folk har til han. Kan han bryte med alt, utan at fortida vil innhente han?

På ein klassefest i niandeklasse opplever han den totale audmjukinga, og frå no av er det hatet som driv han. Han bestemmer seg for å bli endå flinkare på skulen. Han skulle bli den beste på Odda ungdomsskule. Han skulle bli best i Odda. Best i Norge. Best i heile verden. Det var det han skulle. Frå no av er han fast bestemt på å legge alle sentimentale omsyn til sides, og skape seg sjølv som eit individ. Som vi anar går det frykteleg gale.

Med Blind set Seljestad ulike samfunnssyn opp mot kvarandre utan at ein heilt veit når han ironiserar og ikkje. Er det nok ein roman om janteloven? Hevdar han at kvar og ein skal følgje si eiga vilje, eller hevdar han det motsette? Eg meiner å lese at han med romanen uttrykker skepsis mot den stadig aukande fokus på individ og sjølvrealisering vi ser i samtida.

Spåket til Seljestad er svært friskt. Han er ikkje redd for å tråkke til, og sjeldan har eg sett så mange namn på kjønnsdelar i ei og same bok. Det er lett å tenke seg at dette er språket ein brukar på smelteverket medan ein tyggjer rød mix og gamal kaffigrut, og sånn sett gir det boka særpreg og autensitet.

Å lese Blind er ei sterk oppleving.

Sjå også