Forfattararkiv: baardemann

Lurt av russiske damer

Det blir sagt at det er mange vegar til Rom, men jammen er det mange vegar til Ufjelg også. Den seinaste tida har trafikken her på sida vore rekordstor. Ein god del besøkande er nok gamle kjende, men ein rask kikk på statistikken tyder på at nokre kan ha hamna her på slump. Eg har […]

Helgelyd, veke 11

John Prine er ein mann ein høyrer lite om sjølv om han er av dei flinkaste låtskrivarane vi har. Han har gitt ut ein haug med plater etter debuten i 1971. My darlin' hometown er frå den svært så habile Fair and square, som kom i 2005. God påske!

Dokumentarfilm, andre del

Det vart litt mykje mykje krig og USA-kritikk sist, så i denne bunken har musikkdokumentarane og biografiane fått større plass. Men det er ikkje fritt for at det er ein del elende her òg. Her er andre del i min triologi om dokumentarfilm.

Helgelyd #3

Gruppa Shearwater består av mellom andre Will Sheff frå Okkervil River, men musikken er mindre rock og meir melankolsk americana i gata til Will Oldham. Låta heiter 12:09. Ha ei roleg helg.

Dokumentarfilm, første del

I eit forsøk på å bruke vinterferien til noko fornuftig, har eg sett ein god bunke med dokumentarfilmar. Her er mi vurdering av filmane:

The Brian Jonestown Massacre til Hove

I går vart det stadfesta at The Brian Jonestown Massacre kjem til Hovefestivalen.

Unforgivable blackness

Jack Johnson var den klart beste boksaren i byrjinga av det tjuande århundret, lenge før Amerika var klar for ein mørkhuda tungvektsmester. I den strålande dokumentarfilmen Unforgivable blackness frå 2005, følgjer vi Johnson sine mange kampar i og utanfor ringen. Sjølv om Johnson hadde slått ned all motstand, vart han i mange år nekta tittelkamp. […]

Helgelyd

Indierock og afrikanske rytmer i passeleg blanding utgjer ein humørfylt mix på denne låta, som innleier helga på ufjelg.org:

Reduksjon

Det er lite som er så morosamt som å lese oppsumeringa av boka Seks tenkehatter. Boka er eit symptom på ei form for ei tenkning som etter kvart gjennomsyrar samfunnet. Konseptet går ut på å redusere all tenkning til eit minimum, slik at framskittet kan gå sin gang. Forfattaren er mangemillionær, og har visstnok førelest […]

Go Lance!

Det er kjekt å sjå at ein ikkje er åleine i si overtyding. Eg voks opp i ei tid då ninjastjernene stod i veggen, og eg og Tøggy laga nunchako på sløyden. Dei beste dataspela var Yie are Kung fu, International karate og The last ninja. Ralph Machio og Bruce Lee var filosofane som viste […]