31. oktober, 2008 – 11:00
Noko av det aller mest positive med finanskrisa er at eigedomsmeklarane er blant dei som sliter hardast. Notar må kunne seiast å vere av dei aller verste, difor blir nyheten om at Notar sparker 100 ansatte motteken med ein stor grad av skadefryd. Ikkje berre skadefryd; eg føler ekte glede!
29. september, 2008 – 23:21
Eg har vorte aukande interessert i økonomi det siste året. Dei siste vekene har difor vore like spanande som eit tour de France, ja nesten på høgde med fotball-VM. Problemet har vore å finne edrueleg informasjon om kva som eigentleg skjer.
Etter ein fantastisk sommarferie er det på nytt kvardagen som rår. Den held stort sett eit høgt nivå, krydra med enkelte høgdepunkt. Å verte oppringt av ein telefonselgar representerar definitivt eit slikt høgdepunkt. Etter at eg starta med min strategi å aldri avslutte ein samtale med ein telefonselgar har det dessverre vorte stadig sjeldnare at […]
Beach 2008 nærmar seg deff-initivt (applaus for ordspelet!). For oss strandløver er det to alternativ: 1. Byggje opp ny muskelmasse. 2. Avdekkje gamal muskelmasse.
12. september, 2007 – 17:59
Med ein profil som har tungt fokus på kulturkonsum er det er kanskje nokon som trur at den typiske DrMunk-brukaren er ein sofasitjar med BMI høgare enn oksygenopptaket. Dette er langt frå sanninga! Fysisk fostring står høgt på agendaen, og mange av brukarane er aktive medlemmer i idrettslaget Ufjelg TIL. Eit prov på aktiviteten får […]
Når temaet litteratur først har kome på banen må det vere lov å tipse om følgjande lekkerbisken.
Har fått den gode gamle spysjuka, og opplever no korleis det fungerar med den myteomspunne "eigenmeldinga". Konklusjonen er ikkje heilt klar endå, men eg har i det minste god tid til å surfe på nettet. Mellom anna kom eg over denne interessante debatten om bustadprisar. Det er godt å registrere at det er fleire enn […]
Oppfordringa gjeld spesielt dei av Doktor Munk sine lesarar som bur i det nordlegaste fylket i landet. Om ein føler seg trygg veit rovdyra å utnytte det. Vonaleg kan følgjande artikkel vere med på å generere litt angst.
Medan andre skyter opp raketter og drikk champagne sit eg på sjukehuset og ventar på dei som blir truffe av rakettane og/eller drikk for mykje champagne. Til no har det ikkje kome nokre av dei sistnemnde, så eg har god tid til å lese dei første overskriftene i nettavisene i det nye året. Og Firda […]
1. desember, 2006 – 04:07
I det siste har eg byrja å lure på om draumen om å bli fotballproff aldri ville bli noko meir enn ein draum. Men med flaumen av penger i norsk fotball er det definitivt riktig tidspunkt å satse no. Berre les her!